Dette tar sjølvsagt supporterklubben Stimen på alvor, og dei byr på arrangement for både små og store denne dagen.

- Det blir stor fotballfest i Florø 13. mai. Med laurdagskamp og eit topplag som Start, som nyleg har signert ein tidlegare Premier League-kaptein, så blir dette veldig spennande, seier Fredrik Helland, nestleiar i Stimen, til Firdaposten.

Supporterklubben har planlagt fleire arrangement denne dagen. Tidleg på ettermiddagen er det supportertreff for vaksne på bua. Her blir det mellom anna nokre konkurransar.

På kvelden blir det etterfest på Kysten, og konsert med Skjeggi, som rett og slett er bandet Punch, men i coverlåt-versjon.

- Det blir både coverlåtar, allsong og supporterlåtar. Vi begynner å få eit bra repertoar med Florø-sangar no. Dette blir ein veldig kjekk kveld, trur Helland.

Billettsalet til etterfesten går bra, men det er framleis mogleg å sikre seg ein billett.

Treff for Ministimen

For første gong i Florø blir det eige supportertreff for barn.

- På Florø stadion blir det eige arrangement for ungane i Ministimen, og det skjer to timar før kamp. Det blir små konkurransar, ansiktsmåling i Florø-fargar, og servering av is og frukt. Vi trur dette blir veldig bra, seier Helland. 

Ein kan også få kjøpt Ministimen t-skjorte.

– Vi må ikkje gløyme smårollingane, det er jo stort for dei også at vi er i Obos. Vi merkar engasjementet deira, og dei er flinke til å synge og heie på stadion. Vi sel også ein god del små drakter, fortel Stimen-nestleiaren.

I tillegg til desse treffene skal Stimen og miniane sjølvsagt skape stemning på tribuna under kampen.

- Med dette har i alle fall Stimen gjort det vi kan for at Florø skal vinne. Så er det opp til Terje Rognsø og resten av guttane å sørge for at vi har noko å feire på kvelden, seier Helland.

Håpar folk stiller opp

Supporterklubben håpar folk no stiller opp for klubben og byen sin.

- No har det vore litt motgang, og då er det desto viktigare å vise at gutta har støtte! Som vi syng i eine låta; "Vi følger vårt blåe lag, i med- og motgang", seier Helland.

- Vi håpar folk stiller på stadion. Det er hovudmålet vårt. Det kjem sannsynlegvis også tilreisande Start-supporterar frå Kristiansand denne laurdagen, det blir kjekt å vise dei kvar den ekte palmekysten er!

Travel mai

Mai blir ein travel månad for Florø Fotball og for Stimen. Og det er no ein verkeleg kan få kjenne på kjensla av å vere i det gode selskap i Obos-ligaen.

- Tidlegare har vi møtt lag som Jerv og Strømmen. Det klinger kanskje ikkje så veldig toppfoball av dei namna. Men i mai møter vi lag som Fredrikstad, Start og Bodø Glimt, lag som har prega norsk toppfotball i mange år. Så no må vi bare stille på stadion og heie fram guttane, oppfordrar Helland.

7. mai møter Florø Fredrikstad borte. 13. mai  er det Florø - Start, og 16. mai Åsane - Florø. 21. mai kjem Bodø Glimt til Florø, og 24. mai kjem Fana til Florø i høve 2. runde i cupen. Til slutt er det Kongsvinger borte 28. mai.

Stimen har sett opp eigen buss til 16. mai-kampen i Åsane. Bussen er per no halvfull, så det er framleis mogleg å få plass på den.