Morgonflyet frå Florø til Oslo kom seg i lufta etter ruta onsdag morgon, viser trafikkloggen til Avinor.

Også på Bringeland ser ein ut til å takle dei krevjande forholda på morgonen, med mykje vind og nedbør.

Derimot slit ein både på Sogndal Haukåsen, der Osloflyet klokka 07.05 er kansellert. Det same gjeld to morgonavgangar frå Anda Lufthamn på Sandane.

Ifølgje Meteorologisk institutt skal vinden halde seg nokolunde stabil gjennom onsdagen, for så å auke på frå i åttetida i kveld. Vindretninga skal halde seg på bein sønnavind.