Andrea Dolve Ellingsund blir 19 år i juni og har meldt overgang til Førde IL Handball sitt nyopprykka 1. divisjonslag.

– Eg ønsker å satse og er klar for eit høgre nivå. Eg har trent med Førde i år, og når trenaren Kristinn Gudmundsson ville ha meg med i satsinga framover, følte eg at eg ikkje kunne seie nei, seier ho.

Førde har også eit samarbeid med Dale som har lag i 3. divisjon der ho også vil kunne få speletid. Men ho flytter ikkje til Førde for å spele tredjedivisjon i Dale. Det er ho tydeleg på. 

Når trenar Kristinn Gudmundsson ville ha meg med i satsinga framover følte eg at eg ikkje kunne seie nei

Andrea Dolve Ellingsund

 

– Eg vil bli god nok til å spele i første. Eg gjer ikkje dette halvvegs, eg går «all in». Dette blir noko heilt nytt. Mykje meir trening, og større treningsgruppe og eit høgre nivå med større tempo. Eg hadde nok aldri reist om eg ikkje hadde fått plass i samlingsgruppa, slår ho fast.

I august flyttar ho austover der ho skal satse på handball og ta eit årsstudium i marknadsøkonomi på si.

– Eg gler meg veldig, no er det berre å bli ferdig med eksamen, så eg slepp å tenke på skulearbeid meir, for oppkøyringa er allereie i gang, poengterer ho.

Vann alt

Under årsfesten til Florø SK handball i år sopa 18-åringen med seg alt av titlar heider og ære. Ho vart suveren toppscorar i 3. divisjon, heidra av eige lag som spelarane sin spelar. Ho blei også heidra av handballregionen som årets unge dommar i Sogn og Fjordane saman med makker Idunn Hatlemark.

Andrea vart også suveren toppscorar, ikkje berre for Florøs damelag, men i heile 3. divisjon for Hordaland, Bergen og Sogn og Fjordane denne sesongen. Åtte mål i snitt og totalt 124 mål på 16 kampar viser at ho er jamnare og tryggare enn nokon gong før. Dessutan tek ho stort ansvar i laget. Nærast på toppscorarlista kom Heidi Sægrov frå Bjørnar, klubben som vann divisjonen og rykte opp til 2. divisjon, med 99 mål, 25 færre enn florøbacken. 

Vi spurde sportsleg leiar i Florø SK Handball om overgangen til Dolve Ellingsund er å miste ein juvel til Førde?

Stolt moderklubb

– Nei det er det ikkje. Andrea har ambisjonar og skulle ho satse så må det skje no. Ho har full støtte frå oss. At ho no har signert kontrakt med Førde er utruleg oppløftande. Det er også kjekt at ho speler lokalt slik at vi kan følge med på utviklinga hennar framover, seier Hatlemark. Han meiner Andrea er ein vinnarskalle som har det som skal til for å lukkast i 1. divisjon, men er også tydeleg på at det blir tøft å kjempe seg til plass på laget. 

Som klubb påpeikar han at det er veldig kjekt at Florø no kan levere spelarar til dette nivået. Florø SK har frå før Runar Helland Aamot som speler i Haslum IL, men han drog ut før han spelte på seniornivået. 

– At nokre i klubben oss no aspirerer til 1. divisjon er inspirerande både for oss i administrasjonen og for spelarane som ser at det går an, fortel Hatlemark. Han legg til at Florø har eit godt samarbeid med Førde og har mellom anna hatt eit eige samarbeidslag med fire spelarar frå Florø som kom til andre kvalifiseringsrunde til den nasjonale Lerøy-serien.