I helga vann Håvard "rain" Nygård den største seieren i si karriere så langt.
Saman med laget FaZe Clan, med spelarar frå Finnland, Danmark, Bosnia og Frankrike, vann han førsteplassen i ei internasjonal turnering i Ukraina.

Premiepotten var på 300.000 USD, og FaZe stakk av med 125.000 dollar av desse.

Turneringa heiter StarLadder i-League StarSeries Season 3, og spelet dei konkurrerte i er skytespelet Counter Strike.  

Nygaard, som bur i Stavanger, er i dag blant verdas beste i CS, ifølgje NRK. Men for berre halvtanna år sidan vurderte han å slutte med spel.

- Eg brukte så mykje tid på dataen, og følte at eg ikkje fekk så mykje ut av livet mitt. Eg ville ha ei utdanning, i staden for å jobbe på Kiwi heile tida, fortel Nygaard til NRK.

Men så fekk han eit tilbod frå ein esport-organisasjon, så han sa opp jobben og satsa for fullt på dataspel.

Han er per i dag ein av tre nordmenn som lever av å spele Counter Strike, som er eit av dei største esport-spelene i Norge. No tener han over 100.000 kroner i månaden og reiser 250 dagar i året for å spele data.

E-sport er i stadig vekst. I fjor hadde den mest sette finalen 43 millionar sjåarar. Og Nygaard trur det vil merkast i Norge at sporten veks.

- Du kjem til å sjå det på TV, til dømes. Og esport-utøvarar kjem til å bli gjenkjent på gata, seier han til NRK.

Esport

Esport står for elektronisk sport, og er dataspel i formalisert konkurranseform. Dette er ein enorm industri på verdsbasis. Mange kampar vert strømma på nett, gjerne med eigne kommentatorar, og vert følgt av sjåarar frå heile verda.

Den største, kontinuerlege norske e-sportkonkurransen er Gamer.no sin liga, kalt Telenorligaen. Dei har sendingar kvar helg, og rundt 1600 spelarar er involvert.

Verdas leiande sosiale videoplattform for gamarar, Twitch, har over 100 millionar sjåarar kvar månad. Dei er større enn Netflix.

I Sør-Korea er e-sport på linje med langrenn i Norge. Der kan ein studere e-sport på universitetsnivå.

Kjelde: NRK, Wikipedia

 

Les meir om Håvard:

Nygaard fekk ikkje kjempe vidare om millionpotten

Rauk ut mot verdstopp

Tøff motstand i verdstoppen 

Florøgut speler dataspel om åtte millionar