2. juni kjem Venstre sin stortingsrepresentant Ola Elvestuen til Florø. Då har Flora Venstre bydd inn til arrangmentet "Pils og Politikk", og med seg i bagasjen har Elvestuen Venstre sin miljøpris for 2017.

- At Nekst får denne prisen er eit uttrykk for at løysingane deira er heilt i tråd med Venstre sin visjon for ei miljømessig og bærkraftig utvikling av havbruksnæringa, skriv Halvor Halvorsen i Flora Venstre i pressemeldinga.

Nekst fekk i fjor konsesjon for å byggje eit landbasert oppdrettsanlegg på Botnastranda, der fisken kan alast opp på land fram til han når ei vekt på 2,7 kilo. Deretter ventar berre eit seks månader langt opphald i sjøen før slakting. Med så kort tid i sjøen vil laksen gi mindre grunnlag for framvekst av t.d. lakselus, og med det gi ein stor miljøgevinst. I tillegg har Nekst funne løysingar og forretningspotensial for biprodukt og avfall som laksenæringa i sjø ikkje får gjort noko med.

Les også: Gigantutbygging på Botnastranda

Det er Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen som står bak prosjektet, i lag med eit akukande tal investorar som snart har lagt alle milliardane som trengst på bordet for å realisere det som vil bli verdas største oppdrettsanlegg på land, med ein kapasitet på 20.000 årstonn.

- Eg meiner Nekst har teke stortingsmeldinga på alvor, og det er inspirerande at vår miljøprofil blir lagt merke til både av Venstre og av andre, seier Aasen i ein uttale til prisen.