Torsdag var både kommune- og fylkesreforma oppe til avgjerdsle i Stortinget.

Etter ein debatt som tok heile føremiddagen, ettermiddagen og litt av kvelden, vedtok politikarane til slutt samanslåing av ein rekke kommunar, blant dei Flora og Vågsøy.

- Ein merkedag

- Dette er ein merkedag! Gratulasjonane haglar frå alle kantar, fortel ein letta Ola Teigen.

- Eg var nervøs heilt til voteringa var over. Det skjedde jo ting heile tida, eg fekk mange ulike signal om korleis det ville bli røysta og kva forslag som kom,  så det var spennande heilt til siste slutt.

No skal det feirast, om enn i rolege forhold heime i stova. Ordføraren vore på kaia i Florø og passande nok handla reker frå ein rekebåt frå Måløy.

- Så no blir det Kinn-øl og sjømat, mens kveldens vedtak synker inn, seier Teigen.

Men det er no det spennande startar, seier ordføraren.

- Vi skal mellom anna lage ein samfunnsplan ilag, som fortel kva Kinn kommune skal vere, og kva vi skal bli. Her blir det utruleg viktig å involvere flest mogleg.

Eit av måla med Kinn er å skape Norges mest spennande næringskommune.

- Eg gler meg verkeleg til å sette igang med dette. Det blir bra!

Det var 92 representantar som røysta for Kinn kommune, mens 77 røysta imot. Mellom andre er Høgre imot samanslåinga på noverande tidspunkt. Dette fordi dei vil vente på utgreiinga dei har bestilt om Flora, Bremanger og Vågsøy, som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal levere innan statsbudsjetthandsaminga i desember.

LES OGSÅ: Sanner brukar ikkje tvang mot Bremanger

– No må vi ha eit møte med departementet 

Vedtok fylkessamanslåing

Stortinget vedtok også samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane, og av Selje - Eid og Førde, Jølster, Naustdal og Gaular.

Og det blei gjort tvangsvedtak både ovanfor fylker og kommunar. Mellom anna vart det brukt tvang for å slå saman Sogndal, Leikanger og Balestrand. Tvangssamanslåingane vart gjort med berre ein stemme i overvekt.

Ein trist dag for det lokale folkestyret, meiner Senterpartiet.

- Dette er ein trist dag for folkestyret og lokaldemokratiet. Regjeringspartia har ved hjelp av Venstre og KrF tvunge ein rekke kommunar og fylker saman, mot eigen vilje. Vi som politikarar er vald av folket, då burde vi lytte til både folkerøystingar og lokale vedtak. Det regjeringspartia viser i dag er ein veldig maktarroganse, seier Trygve Slagsvold Vedum, leiar av Senterpartiet.