Arbeidsfolka i Betongpark - sjølv skatarar - er ein månad inn i bygginga av den etterlengta skateparken i Florø.

Torsdag inviterte dei plaskebyens skatarar innom byggeplassen for å fortelle kor tid dei er ferdige.

Gler seg vilt

18 års venting er snart over. Ingen av dei unge skatarane var fødde då kampen for skateparken starta. 

I denne saka frå 2003 skriv Firdaposten om 15.000 kroner (smular?) i løyvde midlar, men mangel på lokale.

No gler dei seg vilt.

– Vi gler oss veldig, utruleg masse, seier dei og høyrest overraskande oppriktige ut til å vere så street smarte.

– Det har vore snakka om skateparken i politikken lenge. Eg har venta sidan eg var 8-9 år, seier Even Sørbø Vee, konfirmant i år.

– Eg slutta å skate ein periode fordi eg blei lei av å vente, held han fram.

Musikken er like "old school" som planane

Fram til no har skatarane tatt i bruk god asfalt, rekkverk og trappetrinn der dei har funne det rundt omkring i byen: Fjord1, barneskulen, busstasjonen. No den siste ventetida har dei dessutan fått ei lita handsrekking frå bygningsarbeidarane.

 

Dei har planen klar.

- I det sekundet parken opnar, skal vi slenge frå oss sekkane, fyre opp noko old school-musikk (hip hop, rock og reggae frå førre tusenår, eller nyare musikk som imiterer den opphavlege stilen, journ.merk.), kaste oss på bretta og droppe ned rampsa, seier Simen Helle Husabø som har representert Florø-skatarane på titals møte både i Florø og Oslo.

... og så mange veker må dei vente

- Daryl seier at parken - inkludert tak - er ferdig om cirka åtte veker. Det vil seie, viss alt går etter planen og det ikkje blir for mykje regn, fortel dei.

No har skatarane berre eit siste råd skråstrek ønske:

– Vi håper lyset blir kvitt og ikkje gult. Gult lys blir ein trøtt og svimmel av.

Han bygde Indias første skatepark

Daryl Nobbs i Betongpark har designa mange skateparkar her i landet – og vidare ikring: Strobritannia, Danmark, Sverige og dessutan Indias første skatepark i Bangalore.

– Skateparken i Florø blir unik, både på grunn av plasseringa i landskapet, men også fordi eg har fått ganske frie hender til å gjere den verkeleg flowy, seier Nobbs.

Flow, eller flyt på godt norsk, seier noko om korleis parken er sett saman.

Det handlar vel så mykje om linjer og flyt som enkelttriks, fortel Nobbs som har gjort det til ein leveveg å designe og bygge skateparkar.

- Det passar meg godt. For nokre skatarar er det snakk om ein sport og store sponsorkontrakter, for meg er det meir ein sosial aktivitet. Eg liker at det er uorganisert. Ein kan gjere det åleine, eller saman med venner. 40 år gamle skatarar kjem med kidsa sine. Det er kult.