Som nei-grunneigar, friluftsmann og profilert motstandar av vindkraftprosjektet,  kjenner han seg heilt tatt på senga. Han og meiningsfelle Sveinung Vågene har tidlegare vore i Oslo og møtt sentrale folk i Olje- og energidepartemenet, og fekk der inntrykk av at det skulle mykje til for å overkøyre NVE sitt nei i saka. Det vedtaket var i stor grad basert på at sumeffekten av så mange vindkraftverk i området - ville utgjere ei stor negativ belastning på naturen og frifluftslivet. 

Han trur at den nye Olje og energiministeren, Terje Søviknes (FrP),  har bidrege til å vippe saka i utbyggar sin favør.

LES OGSÅ: Får bygge vindpark på Bremangerlandet likevel
LES OGSÅ: Overraska over konsesjonen
LES OGSÅ: Dette var hyggeleg nytt
LES OGSÅ: Glad for vindkraft-ja

Eit fleirtal av grunneigarar har sagt ja til prosjektet, der fleire av dei større grunneigarane ikkje bur i bygda.

- Det er i praksis "snyltarar" i lokalsamfunnet som har vunne fram her. Avstemminga var basert på at dei grunneigarane som har størst utmark har fått mest å seie. Hadde det vore ei stemme per gard, ville ja-fleirtalet blitt så lite at vi kunne kanskje ha jobba det inn, seier Varpe, som synest det er trist at han som nyslegen pensjonist skulle få vindkraftutbygginga midt i fleisen.

- Blir det snakk om erstatningsøksmål når det gjeld stølshusa på fjellet?

Vi er tilbydde ei erstatning på kring 350.000 kroner for sela våre. Du får ikkje kjøpt deg ei ny hyttetomt for den prisen ein gong, seier Varpe, som trur erstatiningsutmålinga vil hamne i rettsystemet.