1.Kva mineral fann steinalderfolk til å lage reiskapar av på Stakaldeneset i Flora?

2. Kva namn brukte ein på heksefjellet Hornelen i eldre tider?

3. I Ålfoten ligg to store og viktige kraftstasjonar. Kva heiter dei?

4. I kva kommune var Kalvåg kommunesenter fram til 1964?

5. Sakførar Livius Smitt starta fylkets første avis. Kva heite den og kor vart den først etablert?

6. Kva heiter senteret i øygruppa Batalden?

7. På kva øy finn du grenda Barekstad?

8. Kva øyar blir kalla høvesvis “Sunnfjords Perle” og “Den grøne smaragd?”

9. Stavang var til 1964 senter i ein kommune som var delt av tre fjordar. Kva heitte kommunen?

10. Kor høgt ragar fjellmassivet Håsteinen i Flora. 764 meter, 864 meter eller 964 meter?

11. Kva heiter verksemda som driv med steinbrot i Seljestokken i Flora?

12. Kva heiter den høgaste fjelltoppen i Bremanger kommune?

13. Kor høg er den? 1470 meter, 1670 meter eller 1870 meter?

14. Kva Ap-politikar lokalt blei kjent for å skulle ha sagt: “Alt vatn som ikkje renn i røyr, er ein uting”?

15. Kva kjend lyrikar budde lenge og skreiv dikt i Botnane?

16. Kven har tonesett dikta og gav dei ut på plate?

17. Skipsleia inn Florø og verftet blei utdjupa for eit par år sidan. Kor djup blei den og kor djup bør den i følgje verftet vere?

18. Kva heiter dei tre tre store havgåande garnfiskebåtane i Flora?

19. Flora og Bremanger har kvar sine store ringnotbåtar. Kva heiter dei?

20. Også Eikefjord har sitt motbakkeløp-arrangement. Kva heiter det?

Kor mange rette fekk du? Sjå fasiten her.