I skrivande stund er det under eitt år til Flora saman med Vågsøy blir Kinn kommune. Det blir utfordrande, men eg har trua på at det blir bra.

Det avgjerande er at politikarane og administrasjonen er tru til intensjonen bak kommunedanninga, løftar fram næringslivet, styrkar samarbeid og går i front for moderne og framtidsretta måtar å drive kommunen. Får vi til dette vil folk flest oppleve den nye kommunen som noko positivt, og langt betre enn alternativa. Det ligg ei betydeleg potensiell oppside i dette, men samstundes ei betydeleg potensiell nedside, om ikkje politikarane evnar å leie desse prosessane.

«X-faktoren» i kommunal forvaltning blir med andre ord ikkje mindre i den nye kommunen: Det avgjerande for om Kinn blir ein suksess er at det blir dei riktige personane som styrer kommunen. Det er viktig kva som står i partiprogramma, men det avgjerande er at politikarar har truverde, handlekraft, nettverk, gjennomføringsevne og ser løysingar heller enn å gje opp og skyve vanskelege spørsmål under teppet. Med den nye kommunen i støypeskeia dei neste åra blir dette viktigare enn nokon gang.

Mange politikarar, inkludert meg sjølv, ønskjer å vere med på å forme den nye kommunen. Slik eg kjenner mine kollegaer i alle parti er dette personar som genuint vil det beste for kommunen. Det skal vi aldri så tvil om. Spørsmålet er korleis ein går fram, korleis ein fyller rolla si, og kva ein meiner er riktig og viktig å ta tak i. Og om ein klarer å styre på ein måte som skapar vekst, betre velferd og tillit.

Lokalavisene våre har ei viktig rolle med å stille kritiske spørsmål, både til dei som vil prøve seg i politiske leiarverv og dei som har fått prøve seg: Kva vil du få til, du som aldri har vore ordførar? Kva har du å vise til? Kva har du fått til, du som har vore ordførar i fleire år? Klarer du som ordførar å samle det politiske miljøet, skape gode prosessar, bygge bruer og sikre at administrasjonen gjer det bystyret vil dei skal? I det siste sit eg att med særleg eitt spørsmål eg saknar at nokon stiller: Når du som ordførar i Flora i haust seier kommunen er i ein «krisetilstand» før du nokre veker seinare, etter å ha mista fleirtalet i bystyret i budsjettsaka, seier 2019 blir eit «eventyr», korleis skal veljarane oppfatte dette? Kva har skjedd på så få månader? Vi må bruke det meste av tida vår på å sjå framover, men av og til må vi reflektere over det som har skjedd, ta lærdom og slik prøve å ta betre val. Det gjeld også veljarane.

Vi må sette dagsorden for kommunen vår på den nasjonale politiske arenaen. Der har ikkje Flora og Vågsøy lukkast på mange år.

 

Det siste på programmet for bystyret i Flora og kommunestyret i Vågsøy i 2018 var budsjettet for 2019. I Vågsøy samarbeida Venstre med Høgre og Ap. I Flora prøvde Venstre, tru til avtalen frå 2015, å bli samde med Ap, Sp, SV og MdG, utan at vi kom i mål. Etter mange veker med forhandlingar med Ap, vart Venstre under to døgn før budsjettmøtet i bystyret, uventa sett i ein posisjon av Ap der vi hadde to val: Vi kunne gå i bystyret utan at noko forslag hadde avklart fleirtal, noko som ville bety fullt kaos og lite gjennomtenkte løysingar. Eller vi kunne sondere med Høgre, Frp og Krf om det var grunnlag for å danne eit nytt fleirtal og slik sikre ein meir oversiktleg situasjon. Vi valte det sistnemnte, utan å nøle. Og vi landa budsjettet med eit nytt fleirtal denne perioden.

For Venstre (som for Samlingslista i si tid) er det viktig å arbeide målretta med dei sakene vi ser som dei viktigaste for kommunen her og no, og på lang sikt. Venstre og tidlegare Samlingslista i Flora er like både i profil, saker og arbeidsmetodikk: Vi kan samarbeide med alle, men er heller ikkje redd for å vere tydeleg når det trengs. Gode og truverdige lokale løysingar må kome i første rekke, ikkje kortsiktig politisk gevinst for parti eller enkeltpolitikarar. Som parti skal vi vere forutsigbart, ansvarleg, styringsdyktig og tillitsvekkande.

I 2019 må Flora kommune tenke nytt på mange område for å få økonomien til å gå i hop, for å bli meir framtidsretta. Vi må redusere i toppbyråkratiet, vi kan ikkje auke eigedomsskatten og vi må legge til rette for gode og brukarnære velferdstenester i heile kommunen, by- og næringsutvikling. Vi må gjere det meir attraktivt å flytte hit. Med det vedtekne budsjettet i Flora tek vi dette på alvor gjennom nødvendige grep, ikkje populistiske. Venstre har fått gjennomslag, og vi har måtte gi gjennomslag. Vi tek ansvar, ikkje fordi det er lett, men fordi det er rett. Hadde ikkje Flora Venstre skore gjennom, tatt ansvar og gjort andre grep enn det ordføraren og rådmannen ville, så hadde nye Kinn kommunestyre måtte gjort større og meir dramatiske grep om eitt år. Det hadde ikkje vore forsvarleg. Og det hadde vore ein svært dårleg start for heile den nye kommunen.

Vi skal gjere vårt for at Vågsøy og Flora går styrka inn i Kinn kommune. Eg gler meg til 2019.

 

Å vere folkevalt i ein kommune har mange dimensjonar og arbeidsflater. Noko av det som gir meg mest meining som lokalpolitikar er å møte nasjonale og regionale politikarar og fortelje om alt det positive og framtidsretta som skjer her lokalt. Spesielt i næringslivet: Fiskerinæringa, oppdrettsnæringa, Fjord Base, Fjord1, Måløy Marine Ressurssenter, små og mellomstore bedrifter med stort mangfald. Som Venstre sin ordførarkandidat i ein ny kommune der Venstre tradisjonelt har hatt ein sterk posisjon, er det enklare å nå fram nasjonalt enn som representant for ei lokal liste. For meg var dette viktig skulle eg engasjere meg meir i lokalpolitikken: Vi må sette dagsorden for kommunen vår på den nasjonale politiske arenaen. Der har ikkje Flora og Vågsøy lukkast på mange år, ein vinn ikkje fram. Ein kjem for seint på bana, kjenner ikkje politiske prosessar godt nok. Dette er særleg viktig når vi no skal forme den nye kommunen.

Eg har vore med i mange politiske delegasjonar til Oslo, med forskjellige ordførarar. Og eg har som vara til Stortinget for nokre år sidan møtt min del av delegasjonar frå heile landet som kjem til Oslo for å fortelje om initiativ i næringsliv og lokalsamfunn. Mi tilnærming til slike prosessar er ulik mange andre lokalpolitikarar som reiser til Oslo for å be for si sjuke mor:

Når eg som lokalpolitikar møter statsrådar, statssekretærar, stortingspolitikarar, fylkespolitikarar, bedriftsleiarar og embetsverk er bodskapen min framtidsretta og inviterande: «Sjå alt det positive vi får til, og sånn og slik kan de hjelpe oss litt til å skape endå større verdiar og ringverknader for storsamfunnet. Vi er ikkje ei utgift, vi skaper inntekter.» Om det første vi møter nasjonale maktpersonar med er syting og klaging over tapte slag, og urealistiske forventningar fremma etter at toget har gått - så får vi ingenting til. Og vi blir sett på som travle og masete, blotta for sjølvinnsikt. Vi må løfte fram våre sterke sider som lokalsamfunn, i ein nasjonal (og for den del også internasjonal) kontekst. Slik vil dei vi møter sjå verdien av å satse på Florø, Måløy og Kinn. Arbeider vi slik blir det også enklare å ta opp, og vinne fram i saker der vi må vere tøffare med stat og fylkeskommune.

Det nye året blir utfordrande. Det er mykje å ta tak i. Samstundes står moglegheitene i kø, og det finn eg veldig inspirerande. Om ikkje 2019 blir eit «eventyr» som floraordføraren spår i sitt nyttårsintervju i Firdaposten, så skal i alle fall Venstre stå på for å hindre den «krisetilstanden» den same Floraordføraren omtalte i slutten av oktober. Vi skal gjere vårt for at Vågsøy og Flora går styrka inn i Kinn kommune. Eg gler meg til 2019.

Godt nytt år!