Før vi set på grammofonplata med hakk "Putin tok Krim, Putin tok Krim. Han braut folkeretten", kan vi sjå på kva som ligg til grunn for Putins utsagn: "Oppløysinga av Sovjetunionen er den største geopolitiske katastrofe i det 20. århundre" Han blei i 1991 vitne til at ein tredel av unionen, 5 milliardar kvadratkilometer, blei til nye sjølvstendige republikkar.

Dei fleste i den asiatiske delen, der dei rikaste gass- og oljefelta ligg. Året før oppløyste Garbatsjov Warszawapakta. Garbatsjov fekk Nobels fredspris for dette i 1990 og lovnad om at Nato ikkje skulle utvide sitt teritorium. 10 år seinare var dei tidlegare Warszawapaktlanda ein del av Nato!

Dei landa som Garbatsjov fekk Nobelprisen for å ha rusta ned, blei av Nato omfamna med ny opprusting. La oss dra over Atlanteren og tenkje oss ein parallell situasjon: Delstaten Alaska, saman med fem andre delstatar, melder seg ut av USA og erklærer sjølvstende. Deretter: Mexico og Canada blir medlemmar av Warszawapakta!Då Putin annekterte Krim, og med støtte frå eit fleirtal av folket på øya, var det sjølvsagt fordi han hadde all grunn til å frykte for at Ukraina ville bli det neste Nato-landet. Då ville flåtebasen i Sevastopol i Svartehavet gå tapt, og Russland var då totalt omringa av Nato, både frå vest og sør.

"Brot på folkeretten. Ingen vedtak i FN's tryggingsråd" sa USA og Nato. Putin kan med full rett slå tilbake og vise til følgjande invasjonar utan FN-mandat: Afghanistan og Irak. I tillegg kan nemnast USA's bombing av Beograd i 1999. Den gong tenkte mange i Moskva: No bombar USA ein hovudstad i Europa. Blir vi den neste?

For ein månad sidan fann president Trump at han også ville hive seg med på lasset. Bombinga av Assads flybase var brot på folkeretten. (JFR. Sverre Lodgaard. Aftenposten 21. April) USA's og andre alliertes krig mot Irak i 2003, grunngjeve på ei løgn om Husseins masseødeleggingsvåpen, kosta, fram til år 2010, 400 000 irakerar livet. Den islamske stat, terrorgruppa IS, voks fram som ein reaksjon på USA's invasjon. IS er langt på veg eit USA-skapt monster.

Om bakgrunnen for IS seier Eva Joly: "Dette er en konflinkt født på en ruin av USA's intervensjon i Irak." (Dagbladet 19 November 2016) Dette monsteret har no også fått fotfeste i Libya. Millionar rømer fra IS i Syria til Europa. IS dirrigerer hundretusenvis av flyktningar frå Libya over Middelhavet til Europa. Det USA/Nato-skapte IS har bana vegen for flyktningestraumen til Europa. Sylvi Listhaug, som jamrar høgst over flyktningekrisa, har sitt yndlingsland USA å takke for elendet.

Etter at kommunismen og den kalde krigen var over, fann USA ut at Nato måtte kunne brukast til noko meir. Nato har dei siste 20 åra blitt eit instrument som USA kan bruke kvar som helst i verda. Ny Natobase på Værnes med amerikanske soldatar, førebels roterande, men krav om fast stasjonering har vore lufta. Sjølv om Russlands militærbudsjett er ein tiendedel av Natos er ikkje dette nok. 2% av BNP er kravet. Hundrevis av milliardar kroner skal i åra framover pøsast inn i avanserte og offensive våpensystem: Nye kampfly, nye ubåtar, meir aktive fregattar og nye overvakingsfly med torpedokapasitet. Ingen med sansane i behald vil kalle dette eit avspenningstiltak.

Amerikansk våpenindustri gnir seg i hendene. Då er det forsvarsminister Søreide kjem med grammofonplate nr. 2: Jeg tror ikke at Putin har til hensikt å angripe Norge nå, men vi kan jo ikke vite om fremtiden. o.s.v. Dette er russerfrykten som må haldast oppe og prentast inn, same kva som skjer. Sosialistisk Venstreparti hadde på seg Nato-trøya i 8 år i regjering og var med på fleire stygge flauser i utanriks- og forsvarspolitikken. Det er nå på tide at partiet står fram og tar ein reell utanrikspolitisk debatt i spørsmål som vedrører Nato. Klasseskilje, skule, helse, klima.

Dette er programpostar som dei andre partia er søkkfulle av. Utan alternative synspunkt i forsvars- og utanrikspolitikken har partiet mista sin identitet. Det tradisjonellt fredspolitiske partiet må stå klårt fram og ta avstand frå den vanvittige opprustinga som vi no er vitne til. Partiet må rette fokuset på korleis vi kan jobbe for eit meir sjølvstendig og defensivt innretta forsvar med klåre avspenningstiltak mot naboen vår i aust. Parti formann Audun Lysbakken tala ein time i opninga på landsmøtet. Tre (3) korte setningar om forsvars- og utanrikspolitikk!

Eit illevarslande signal.