Mange gløgge hovud har gjennom tusenvis av år grubla over kva som er kjerna i verda vår.

Platon landa på ideear, Marx på det proletariske tusenårsriket. I dag spekulerar vitskapsfolk til og med på om det ikke eksistererar parallelle verder.

Nå kan dei alle roe seg ned. Ein ordførar ved ein vestlandsfjord har gjeve oss svaret og det gjorde han til kjendis, om berre for eit par dagar; det er ei evighet i Facebooktid. Og ein annan Facebook-visdom: Dobbelt så mange ”likes,” dobbelt så sant.

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid, avslørte sanninga, fyrst til ein finansrådsmann i Oslo, ein by utanfor den verkelege verda.

Vi som har budd der, medrekna Hamsun, har alle teke skade på både kropp og sjel.

Den verkelege verda

Den verkelege verda er ikkje stor i vidd eller folketal. Ho ligg på nordsida av Nordfjord, men er stor nok til å vera ei kommune, førebels. Det er så vakkert i Nordfjord, nesten uverkeleg.

Det brevet som gjorde han landskjend, dirra av harme; ein skulemeister til ein frekk elev som hadde kome med giftige og usanne påstandar om den verkelege verda.

Denne villfarne mann trong sann lærdom: «Kjære Robert Steen: Velkomen til Eid. Velkomen til Nordfjord. Velkomen til Sogn og Fjordane. Velkomen til den verkelege verda.»

Held livet i gong - i Oslo

I den verkelege verda, i Eid, lagar dei det meste av det som held livet i gong, i Oslo.

Kva skulle hovudstaden gjort utan baderomsløysingar for eldre, vindaugo på Barcode, klede frå Ricco Vero (er det eit nordfjordord?) og fisk frå Brødrene Aa? Alt frå Eid. Eid First, for å omskrive Donald Trump.

Brevet fortalte at eit opprør var på gong. Det fann til og med Aftenposten ut og drog ut i villmarka. Dei trong ikkje leite lenge.

Ulv og populistar

Å finne det dei kallar opprør i bygde-Norge er lettare enn å sjå ulven i Trysil; kvar bygd har opprørarar i kilosvis, som møtest på den lokale kafeen, om det finns att nokon, mellom halv ni og ti, kvar morgon.

Der svir dei av det meste av verda og Stortinget og skyler oska ned med kaffen.

Aftenposten hadde funne det urnorske Trumpland, og ein av dei lokale politiske analytikarar utrykte seg slik: «Det er ikkje berre etablissementet som har meningar. Sp gjer eit brakval.»

«Vi er undertrykte»

Det nye stygge ordet i norsk debatt, i by og land, er ikkje Sylvi Listhaug; det heiter populist; mange meiner dei er synonyme.

Men kva med Alfred Bjørlo? Liknar ikkje stemninga han nører opp under på evangeliet til populistar på båe sider av Atlanteren?

Vi er undertrykte, vi er makteslause, vi blir hersa med av folk i hovudstaden som ikkje veit fram og bak på ein sau.

Opprørar

Martin Luther King var og populist; han gjorde opprør. Men han gjorde litt meir enn å skrive brev til «eliten» i hovudstaden og skrike i ropert.

Ein gong trudde eg sjølv at landsbygda trong populistar og beundra Bygdefolkets krisehjelp som dengde lensmenn på veg til å tvangsselge gardar.

Men eg gjorde fort ei oppdaging: Det var som knapt nokon som meinte alvor; det handlar ikkje om opprør, men om ungar som vil ha meir lade.

Når vi lager rovdyraksjoner med gevær og TV2, vågå dei ikkje å gå med skot i magasinet; det kunne miste lisensen. Dei ville heim og sjå Farmen.

Vi har det godt på landsbygda

Sanninga gjekk brått opp for meg; ho var enkel: Vi har det så godt på den norske landsbygda.

Og vi har aldri hatt det så godt som nå, trass i at DNB-filialen er flytt til Lilllehammer.

Kor mange av dei 41.000 bøndene som merkeleg nok klengjer seg fast mellom kratt og ur, er potensielle opprørarar?

I alle fall dei større brukarane har aldri motteke så rundhanda subsidiar og i 2015 hadde dei ein inntektsvekst på over tolv prosent.

Dei målar opprøret på rundballane, men sperrar ikkje E 6 med dei.

Smarttelefonen ei seinke

Så eg held meg borte frå kafepolitikken, og det arrogante bodskapet i brevet frå «Eid First» er eit uttrykk for ei haldning som vil skade distrikta meir enn dei urbane strok. Det gjeld nok meir enn Ricco Vero.

Det gjeld eit samfunn, som berre om eit par tiår vil framstå med framande trekk. Det eit nytt land, på grensa mellom svart olje og grøn framtid.

Det andre vi veit er at vi ikkje veit korleis ho vil sjå ut. Men vi skjønar at ting vil skje fort. Snart er smarttelefonen ei seinke.

Trong gode leiarar

I det utkantnorske Trumplandet går det føre seg ein krig mellom by og land. Men han er i røynda over.

Framtida tilhøyrer byane; der vil det meste av folket bu og der vil storparten av verdiskapinga skje.

Ingen har noko godt svar på korleis ein skal snu denne gigantiske straumen. Men den bitre og paradoksale sanninga er at vi skal vera glade for det.

For det er sentraliseringa som kan redde verda, i alle fall nokre hundreår til.

Føresetnaden er at ho blir styrt av gode leiarar og eit modernisert demokrati, eit samfunn der den brutale kapitalismen ligg på same søppeldynga som den kreftsjuke sosialismen.

Den kunstige intelligensen kan skræme vitet av folk, men han kan og, med menneskeleg hjelp, gje oss levelege byar og ei jord som gjev oss mat.

Og i Gudbrandsdalen

Er eg ikkje langt frå Gudbrandsdalen nå, med bygder der det er fleire kvadratkilometer enn menneske?

Nei, eg er så nær som ein kan koma utan å sitja i himmelen og vita alt.

Vi veit at Oslo veks med eit folketal like stort som Trondheim på tre-fire tiår, og dei andre urbane stroka, vil styre utvikling så langt som til Lesja og Skjåk, og dit er det frykteleg langt; men ikkje på smarttelefon.

Men dette får Oslo-elita fikse sjølve, det er ho som har øydelagt landsbygda, lyder bygdeklokskapen. Vi vil ikkje lenger fø dei. Dei har pint og plaga og blakka oss lenge nok.

Eit glimt av framtida

Også der tek dei feil, både på kafeane og ordførarkontora. Oslo legg år om anna på bordet fleire titals milliardar (44 milliardar i 2007) til resten av landet.

Eit glimt av framtida: Trur til og med ein Senterparti-ordførar at byane, med si aukande makt og enorme behov for infrastruktur, ikkje vil halde på meir og meir av pengane sine sjølve? Kor store almisser blir til overs på oss?

Vår fiende nummer ein står godt omskriven i Bibelen

 

Forskarar og økonomar kan alt avsløre svaret.

Blir det dobbeltrom på sjukeheimen att?

Dette er vår fiende nummer ein, og han står godt omskriven i Bibelen og handlar om bjølken i ditt eige auga.

Bjørlo må skrive brev, han er god til det. Men dei må ha eit anna innhald og andre adressatar. Det bør handle om oss.

Farlege motstandarar

Dei farlegaste motstandarane i skipinga av det nye Norge er ikkje å finne innanfor Ring 3.

Dei er mykje nærare og byggjer livet på ein annan visdom enn den heilage skrift: «Kvifor vere stor, når ein er lukkeleg som liten».

Det er desse som er våre eigentlege, heimefostra populistar. Dei nyttar smeikjande og ulne ord som nærleik og identitet, og hadde dei kunna teksta til Ivar Aasen, hadde dei  deklamert Gamle Noreg nørdst i grendom …

Sanners brakkvatn

Jan Tore Sanners kommunereform var ein skvulp av brakkvatn i eit skittent glas. Han la ballen til rette for motstandarane frå Lindesnes til Lopphavet.

Nå vonar eg at den såkalla elita har lært og ikkje gøymer seg bak brotne lovnader når det på ny blir skreke om tvang, om regionar om storkommunar og nye strukturar og prosessar.

Det finns eit anna ord for tvang; det heiter parlamentarisk demokrati. Det er den dårlegaste styreforma, nest etter diktatur og opplyst enevelde.

Men det kan endrast, det vil måtte endrast.

I ei framtid der bedrifter vel vekk seljarar og kjøparar som ikkje googlesvarar på fire sekund, kan vi ikke ha eit styresett som treng tredve, førti år for å byggje eit sjukehus i Moelv?

Å eine Hedmark og Oppland er sjølvsagt ein livsfarleg ide. Men med alle dei nyttige og hardt arbeidande politikarar og byråkratar dei to fylka nå har til rådvelde, vågar eg ei flaske Løiten på at vi lukkast.

Men vi må sjølvsagt ikkje sveltefora dei slik som nå. Da kan vi kanskje utvide grensene for den verkelege verda, i det minste frå Nordfjord til Mjøsa.