Det er snart tid for kjempestor 1.mai-markering i Odda. I år er dagen ein kampdag for akuttkirurgien og sjukehuset vårt!

I den anledning vil ungdomane i styret i LO i Indre Hardanger sterkt oppfordra alle ungdomar i heile distriktet om å stille opp! Dette er særs viktig for tryggleiken både i dag, og ikkje minst i framtida. Ikkje ver ein ungdom som denne dagen gir pokker i kva som skjer med sjukehuset vårt. Vis at du vil kjempa for tryggleiken din og for alle dei du er glad i!

Odda sjukehus er snart 100 år. Det skal ikkje byggjast ned! Still opp i toget på 1.mai kl. 15.00 frå Lindeplassen ved Smelteverksporten! Bli med på folkemøtet etterpå! Sidan dette er dagen russen byrjar feiringa si, utfordrar vi òg russen til å få med seg flest mogleg på Odda vidaregåande skule til å vera med på 1.mai-markeringa og kampen for akuttkirurgien - før feiringa startar. Ungdomsskulelevane, lærlingane og alle andre som er unge, bør òg bli med oss for å kjempa for sjukehuset og framtida på 1.mai.

AKUTTKIRURGI REDDAR LIV!

Helsing ungdomane i styret i LO i Indre Hardanger

Veronica Tellevik Varberg - ungdomstillitsvald

Tommy Tverdal - ungdomstillitsvald

Andreas Jacobsen - nestleiar