Tredjeårselevane på Odda vidaregåande skule hadde sin tradisjonsrike russefrukost tysdag. Der vart som vanleg Teknaprisen og målprisane delt ut.

Teknaprisen blir delt ut av fagforeininga Tekna, til ein elev som har full fordjuping i realfag innanfor ordinær tid, og har utmerka seg i faget. I år gjekk prisen til Ingrid Johansen. Prisvinnaren fekk ein sjekk på 10. 000 kroner.

Johansen fekk også nynorskprisen, som var delt ut av Odda Mållag. Dei delte også ut Opedalprisen, til beste nynorskelev, som i år var Kathrine Tranøy. Begge fekk 2.500 kroner.

Uvanleg god språkføring

– Prisane går til to elevar som har uvanleg god språkføring, seier leiar i Odda mållag, Knut O. Dale.

–Dette var veldig kjekt. Me har jobba for det i tre år, og det er fint å få noko igjen for det, seier Kathrine Tranøy.

Jentene seier pengane sannsynlegvis går med til hybbelleige no når dei skal studera til hausten. Tranøy skal gå anten fysioterapi eller psykologi, og Ingrid Johansen skal studera medisin.