Konkurransen er eit samarbeid mellom Future Freeriders Røldal, Toyboys Productions, Røldal Freeride som arrangørar.

– Me gler oss til å ta imot 85 barn og unge mellom 7 og 18 år på ski og snøbrett, fortel Eirik-Sondre Husby i arrangørstaben i ei pressemelding.

Dei eldste klassane 99–00 og 01–02 er ein del av Freeride Junior Tour (kvalifiseringscupen til VM for juniorar), og har dei moglegheit til å sanke poeng inn mot Junior-VM.

– På fredagen inviterer me til «bli kjent» kveld på Røldalsgarasjen. Der blir det registrering, løparmøte og sosialt samvær for alle, fortel Husby

Sjølve konkurransen blir på laurdag, i ein av dei kjente traseane i området rundt Røldal Skisenter.

Søndag blir det workshop (ein slags frikøyringscamp) der heile gjengen står på ski i lag.

– Denne dagen har me fokus på å lære barna om tryggleik og sikker ferdsel i fjellet, opplyser arrangørane.

Mange lokale utøvarar er med også i år. Synnøve Medhus, Ådne Kvåle, Kamilla Bratteteig er blant favorittane til å vinna.

– Det kostar mykje tid og krefter å arrangere ein slik konkurranse, samstundes som me har ein langt større konkurranse neste veke å tenke på (Røldal Freeride Challenge), seier Husby og meiner det er ei fantastisk dugnadsånd frå alle i arrangørstaben og stor velvilje frå lokale samarbeidspartnarar.