Undervisingspris til Fred Ivan Kvam og Elhoucine Messaoudi

Førsteamanuensis Fred Ivan Kvam og førsteamanuensis Elhoucine Messaoudi er vinnarar av årets pris for framifrå undervising ved campus Bergen på Høgskulen på Vestlandet.

Dei to delar prisen for utvikling og drift av emnet «Anatomi, fysiologi, genetikk, ernæring og mikrobiologi" ved institutt for sjukepleiefag. 

"Dei har utvikla eit undervisingsopplegg som gir høgt læringsutbytte og som studentane har evaluert godt gjennom mange år", heiter det i grunngjevnaden til juryen.  

Populære prisvinnarar

Det var to glade og audmjuke vinnarar som tok imot prisen. 

– Vi ser på prisen som ei stadfesting på at vi har gjort noko riktig. Dei gode resultata som studentane har fått på dei nasjonale prøvane i faget, dokumenterer også at studentane våre gjer det bra, kommenterer dei. 

Bruk av varierte studentaktive metodar er ein viktig del av undervisingsopplegget. Stort engasjement og entusiasme for faga, blir kombinert med god tid til å forklare viktige prinsipp, gi mange døme og gå gjennom ting fleire gongar. 

"Kvam og Messaoudi er dyktige og engasjerte formidlarar med eit høgt fagleg nivå i dei medisinske og naturvitskaplege faga. Dei formidlar med overbevisning kva som er viktig kunnskap med tanke på vidare kurs i sjukepleie og sjukdomsslære", heiter det i grunngjevnaden.

Ei stor anerkjenning

Prisen har som mål å anerkjenne medarbeidarar og fagmiljø som utmerkar seg gjennom framifrå undervising. Den skal vere ein inspirasjon til vidare fagleg og pedagogisk innsats, engasjement og bruk av nyskapande undervisningsmetodar og læringsarenaer. 

Dei to delar prisen på 50 000 kroner. Det var i alt ti nominerte til prisen.

Prisvinnarar og prisutdelarar

Prisen vart delt ut av prorektor Bjørg Kristin Selvik og utdanningsansvarleg i Studenttinget på Vestlandet, Eigil Hole Lønning. 

Førsteamanuensis Fred Ivan Kvam er sjukepleiar og har doktorgrad i sirkulasjonsfysiologi frå Det medisinske fakultet ved UiB og har vore tilsett ved institutt for sjukepleiefag sidan 2000. Han har publisert i fleire internasjonale tidsskrift om regulering av blodstrøm i nyrene, høgt blodtrykk og behandling av høgt blodtrykk.

Førsteamanuensis Elhoucine Messaoudi er også sjukepleiar og har doktorgrad i human nevrofysiologi frå Det medisinske fakultet ved UiB. Han har vore tilsett ved institutt for sjukepleiefag sidan 2008 og har jobba som postdoktor og forskar II ved UiB. Han har publisert i fleire internasjonale tidsskrift om læring og hukommelse, og hukommelse og aldringsprosessar. 

Dei nominerte

Det var i alt ti nominerte til prisen. Dei andre nominerte var:

  • Høgskulelektor Karen Klepsvik
  • Høgskolelektor Halvard Nikolai Grendstad
  • Høgskolelektor Terje Olav Lerø
  • Høgskulelektor Børge Aadland
  • Førsteamanuensis Jon Eivind Vatne
  • Høgskolelektor Amir Massoud Hashemi
  • Professor Dhayalan Velauthapillai
  • Høgskolelektor Manuelpillai Soosaipillai