- Det er flott at desse karta blir overførte til lokale klubbar etter at VM er over. På denne måten vil deikome til nytte for orienteringsløparar i alle aldrar. Orientering er ein idrett som passar for alle og karta vil få folk ut i skog og mark, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Meisterskapen i Østfold omfattar VM/World Cup i 2018 og VM med eitt kvalifiseringsløp og tre finalar i 2019. Karta skal nyttast til alle desse arrangementa.

Pressemelding: Kulturdepartementet

Bilde: Frå venstre: Solveig Sikkeland (nestleiar styre), Sigmund Vister (styreleiar), kulturminister Linda Hofstad Helleland og Per Bergerud (leiar av arrangementkomiteen). Foto: Martin Brynildsrud Andersson, Kulturdepartementet