I dag, onsdag, blei det klart kven som skal delta i den sjette sesongen av Stjernekamp, som går av stabelen på NRK1 til hausten. Husnes-guten Erlend Bratland (25), som dei siste åra har budd i Oslo, er ein av dei ti artistane som skal kjempa om å koma heilt til topps i musikk-konkurransen der ulike musikksjangrar står på menyen frå gong til gong. Bratland blei raskt ein medieyndling då han vann Norske talenter i 2008, berre 16 år gamal. I 2015 kom han på 2. plass i den norske finalen av Melodi Grand Prix. Seinast sist jul kom Bratland heim til Husnes for å halda julekonsert, og no kan altså kvinnheringane og andre gle seg til å sjå og høyra gullstrupen på tv i beste sendetid på laurdagskveldar i haust. Han skal konkurrera mot artistar som Benedicte Adrian, Didrik Solli-Tangen og Hilde Lyrån.