I kveld sleppte Festidalen tre nye artistar som skal spela på Dønhaug i sommar: OnklP & De Fjærne Slektningene, Ary og Daniel Kvammen.

Daniel Kvammen opnar fredagen og OnklP & Slekta avsluttar den. Norsk på norsk i begge endar. Sjarm og feststemning. Hit etter hit. Ary gir kvelden smaksrik djupne og magi, skriv Festidalen i pressemeldinga.

Etter å ha spelt for millionar av tv-sjåarar verda over med låta Endelig Hjemme på Cecilia Brækhus sin Homecoming i Oslo Spektrum, hiv OnklP & Slekta seg rund og turnerer landet med toppa lag og friske låtar i sekken. Sommaren 2017 tilhøyrer denne gjengen.  Bandet har gjort sjangerfusjonen rap/rock megapoppis, og treft eit enormt publikum med hits som Styggen på Ryggen, Panderosa og Myk Landing. Sidan debuten i 2014 har Slekta blitt eit fenomen og ein sensasjon i Noreg, med tre strake album, eit dryss av prisar og nominasjonar, hits som grensar til landeplager, og ikkje minst ei endelaus rekkje med utselde konsertar. Forutan samanhengande listing på radio sidan debuten, har gjengen generert fleire titals millionar streams. Men "føkk" radio og streams, det er live OnklP & Slekta må opplevast. Dette blir tidenes "slektstreff" på Dønhaug!

– OnklP & Slekta er den type kraftpakke me i Festidalen elsker å gi publikum. Bandet er proppa med kvalitet frå kule kisar i blant andre Turboneger og OsloEss, dei nyt å dra stemninga til nye høgder, og gir alt live. Låtmaterialet er tett og tøft, med det beste frå to sjangrar. Og det seier jo litt at Styggen på Ryggen er streama meir enn både Kaizers Orchestra og Karpe Diem sine største hits på Spotify! seier bookingansvarleg Daidalos Dahle.

 

Ariadne Loinsworth med artistnamnet Ary er "mot og styrke kamuflert i mjuk eleganse". Moderne, drøymande og esoterisk elektropop for villige hopper og hingstar. Mellom fjella våre, ved fjorden vår, spår Festidalen at denne konserten framkallar både gåsehud, romantikk og ein himmel full av nordlys. Verdt å nemna er at Ary hadde introlåten til TV-serien Nobel.

– Ary er noko av det mest spennande som flyt rundt i det norske musikkmiljøet for tida. Då ein bønsj med musikkvitarar, journalistar og bookarar skulle stemma fram dei ti mest lovande artistane i landet for tida, var svaret klart: Ary! Dette blir veldig spesielle greier, meiner Dahle.

Med låten Du fortenar ein som meg i 2015 traff Daniel Kvammen Norge i hjarterota. Debuten var ein sann suksess, og han spelte ein smørfeit søndagskonsert i havna under Festidalen. No i 2017 kjem han tilbake, og det med meir snop i posen: Nytt album, overveldande skryt frå kritikarar og den ferske radiohiten Me dansar ikkje for moro skyld. Daniel startar Festidalen 2017, og det med pop stinn i sjarm. Kom tidleg, og bli til seint, oppmodar Festidalen i pressemeldinga.

– Daniel Kvammen er eit spann molter, jordbær, eller kva du måtte lika. Låtane hans er imponerande nære, treffande og nedlessa i sjarm. Eg meiner dette er den perfekte opninga på Festidalen. Stilig og stemningsfullt, avsluttar Dahle.