I ein e-post til Baroniet Rosendal, stadfestar rådmann Odd Ivar Øvregård at kommunen har sett av 100.000 kroner til Rosendal Kammermusikkfestival:

– Minimum vert det tildelt kr 100.000 i år, og rådmannen kan forplikta kommunen for denne summen, skriv Øvregård i e-posten som er å finna på kommunen sine postlister.

Rådmannen legg til at det vil bli vurdert om beløpet kan aukast når revidert budsjett er behandla.

På førespurnad frå Kvinnheringen, opplyser Linda Øen ved kulturkontoret at ein i år har totalt 200.000 kroner å rutta med i festivalstøtte, og at det er kome to andre søknader, i tillegg til den som gjeld kammermusikkfestivalen. Dei to andre er Festidalen og Rosendal Skifestival. Øen opplyser at desse søknadane truleg vert behandla denne veka.