Dei fleste lag og organisasjonar på Sunde har no gått saman om å laga festival på Sunde. Resultatet er publikum inviterte til å sjå 16. – 18. juni, då er det nemleg Sundesprell.

Ei døyande bygd?

– Folk seier ofte til meg at det er så dødt på Sunde, seier Kjell Magne Stråbø, som er ei av eldsjelene på Sunde, dagleg leiar på Sunde Kyst og Litteratursenter og pensjonert lærar.

– Dette kjenner eg meg ikkje igjen i. Det skjer veldig mykje på Sunde, men ein må vere aktiv og søkje informasjon om kva som skjer. For å fritt sitere Mark Twain; «rykta om at har døydd er sterkt overdrivne». For å vise kva som rører på seg her i bygda, har me no samla nokre av dei mest aktive lag og organisasjonar for å feire dei aktivitetane som fins. Ut frå dette samarbeid, kan me kanskje og klare å skape noko nytt, seier Stråbø i ei pressemelding.

Sunde Kyst og Litteratursenter, med forfattar Lars Amund Vaage i spissen, tok initiativ. Under namnet «Strandstaden Sunde» fekk dei med seg alle lag og organisasjonar til å søkje om «LivOGLyst»-midlar hos Hordaland Fylkeskommune. 

– Me har fokus på det lokale, seier Stian Olderkjær, som er nok ei av eldsjelene bak festivalen. Sundesprell skal ikkje berre vere for Sundefolk, men for alle som føler ei tilknyting til regionen vår og som er glad i at ting skjer. Me har lyst til at Sundesprell skal bli eit årleg arrangement, der me kjem til å invitere lokale næringsdrivande til å selje sine tenestar og produkt og kjem til å ha det moro i lag, tre dagar til ende. Det skal vere noko for ein kvar smak. Me skal og ha Palleløp, båtsnekring, ansiktsmaling, redningsskøyta Elias og Lykkehjul pluss andre overraskingar. Me er veldig takksame for den økonomiske stønaden me har fått frå Hordaland Fylkeskommune, som gjer det mogleg å satse på denne festivalen, seier Olderkjær i pressemeldinga.

Konsertar

Musikk blir de ti bøttevis. Laurdag spelar Stephen Ackles og Matti Røssland i Sunde Båtham. På fredagen blir det konsert med det lokale bandet Meirso, som spelar fengande countrymusikk, i tillegg til at det blir Hip-Hop og disco for ungdom på gamleskulen på Sunde.

Det er avgrensa med billettar, så me vil oppmoda publikum med å vere tidleg ute med å skaffe seg billettar, seier Heidi Lee i pressemeldinga.

Sunde Grendalag fekk kjøpe gamleskulen på Sunde, og er i desse dagar fult oppteke med å pusse opp den gamle og historiske bygningen. Her blir det rusfritt ungdomsarrangement med rapparen og Valebuen Bjarne Trondsen, kjend under artistnamnet C-T. Han har fått med seg General Chesz for eit forrykande show for ungdomen.

– Det blir open for unge i alle aldrar for å kome, men om du er under 12 må du vere i følgje med ein vaksen, forklarar Kari Anne Olderkjær, som skal leia den nye ungdomsgruppa til Sunde Grendalag. Det er eit veldig variert program for denne festivalen, noko som me håpar vil trekkje folk i alle aldrar til Sunde denne helga. Søndagen blir det blant anna ei historisk vandring opp til Fenafjell, der Turstiar på Sunde. Turen endar opp på Gamleskulen på Sunde, der det blir kafé og formidling av lokalhistorie av Johanne Øvstebø Tvedten.