Denne gongen er det det flortynne og gjennomskinlege porselenet til keramikar Arne Åse  som får orkesterplassen.

– Porselenet hans  gir ei kjensle av noko eksotisk og uendeleg vakkert, reklamerer gallerist Gøril Guddal i ei pressemelding.

Kunstnaren vil sjølv vera til stades på opninga og fortelja litt om arbeidsprosessen frå porselensleire til ferdig produkt. Med seg til Guddal har han både veggrelieff og frittståande arbeid, som bollar og fat. Veggrelieffa er av grovare porselen og malt på med akvarellmaling. Åse har utvikla ein eigen teknikk for maling på porselen. Denne teknikken har han også skrive bok om på engelsk, for å gjera den tilgjengeleg for fagfeller i inn- og utland.

Galleriet skriv elles dette om keramikar Arne Åse frå Gaular i Sogn:

«Han er er ein av dei mest profilerte keramikarar og nyt  stor merk-semd både nasjonalt og internasjonalt som kunstnar.  Men også som lærar, og for dei sterke meiningane sine om faget keramikk. Han var den første professoren i keramikk i Norge og har alltid arbeidd for å heva prestisjen til den keramiske kunsten. 

Åse utdanna seg  ved Bergen Kunsthåndverkskole. Han blei tilsett som verkstadlærar på keramikklinja ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS) i Oslo like etter fullført utdanning. Takka vere Arne Åse kom det ein ny giv i keramikkutdanninga, og han hadde mykje av æra for at det oppstod eit fruktbart fagmiljø.  Åse si første separatutstilling, i Forum 1968, var ei oppvising i ulike teknikkar, former og uttrykk.

Ved sida av eggeskalstynne bollar i gjennomskinleg porselen viste han som kontrast kraftige arbeid i grovt gods med tjukke, rennande glasurar. Arne Åse var den første verkstadkeramikaren i Norge som nytta porselen som materiale».

Musikk høyrer med til utstillingsopningane i Galleri G Guddal. Som regel med lokale musikarar. På torsdag får vi høyra fiolinisten og rosendalsjenta Kari Eide spela to korte stykke av Bach.

Utstillinga står til 25. juni.

– Gle dykk! helsar Gøril Guddal.