Fylkesmannen planlegg eit maritimt vern mellom anna for ytre Hardangerfjord. Planane er sendt ut på høyring til kommunane som vernet omhandlar. Men formannskapet i Kvinnherad vil ikkje tilrå noko maritimt vern av Ytre Hardangerfjorden. Politikarane meiner kommunen sjølv forvaltar naturmangfaldet på ein god måte gjennom arealdelen i kommuneplanen, samt ved handsaming av einskildsaker gjennom ulike lovverk. Kvinnherad kommune ser eit stort potensiale for maritim næringsutvikling innanfor det området som er føreslått som verneområde. Det er særleg problematisk for kommunen at verneframlegget kan koma i konflikt med framtidig næringsutvikling i delar av området.