Det vart plukka 20-25 sekker med søppel som ikkje høyrer heime i naturen. Kvinnherad undervannsklubb bidrog til at det og vart plukka søppel under vatn. Mykje plast og skrot har nok kome til Kolsøy med sjøen, men flasker, boksar og eingongsgrillar vitnar nok òg om at nokon har lagt frå seg avfall etter besøk på øya.

Forutan rydding av det som ikkje høyrer heime i naturen vart det og rydda i det som veks. Tre og buskar har fått vokse fritt i mange år og teltplasser og grillplasser har difor blitt færre. Ei myr fekk og dreneringshjelp for å kvitta seg med fukt i bakken. 

Kolsøy ynskjer no sommargjester velkomne med båt og telt. Dette er ei flott øy som har flotte forhold for sommarkos for store og små. Ein når øya med ein liten båttur frå Valen, Sunde eller Halsnøy. Skal du bada, sole deg på svaberget eller gå på oppdagingsferd ved eller i sjøen, er Kolsøy eit godt alternativ. Etter dugnaden er det fleire fine teltplasser som gjev høve til å vakna med sola mot teltduken. «Venelaget» oppmodar alle om å nytta seg av denne perla i Høylandssundet, men søppelet etter seg tek ein sjølvsagt med seg til ein høveleg stad.

Torstein Aarthun for Løkjelsøy, Kolsøy og Valøy venelag