Grüne Woche er norsk lokalmat og den til ei kvar tid sitjande statsråden for mat og landbruk sitt mest glamorøse prosjekt. Det er mottaking på ambassaden, sprudlevatn med og utan alkohol, fingermat av rått reinskjøtt, ostar frå småprodusentar, akevitt og politikk.

Fyrst og fremst har Berlin vorte ein samlingsstad for smått og stort i Mat-Noreg. Men kostar norsk deltaking for mykje? Får me for lite ut av nokre dagars opphald i Berlin kvart år?

Matmerk-sjef Nina Sundqvist tek opp spørsmålet i Bondebladet: "Jeg skulle ønske vi brukte mer penger på matfestivaler, men det er ikke realistisk. Da handler det om å omfordele penger. Den norske standen på Grüne Woche er flott, det er det ikke tvil om. Jeg blir kjempestolt når jeg er der. Men jeg syns det er vanskelig å rettferdiggjøre det store pengeforbruket når jeg ser alle den energien og oppblomstringa som skjer her hjemme", seier ho til avisa.

Grüne Woche i Berlin er ei av verdas største landbruks-, hagebruks- og matmesser. Etablert i 1926 samlar messa rundt 1700 utstillarar frå 65 land, i tillegg til mellom anna dei tyske delstatane, frivillige organisasjonar og selskap. Det er eigne utstillingshallar for husdyr, hageplanter, landbruksmaskiner og bioenergi. I tilknyting til messa blir det også arrangert rundt 300 seminar, eit internasjonalt landbrukspolitisk toppmøte og ein demonstrasjon for ei ny, mat- og landbrukspolitisk retning.

Messa, som sjølv presenterer seg som mat- og landbrukssektoren sitt Davos, har vorte den viktigaste staden for Mat-Noreg å møtast. Årleg bruker stat, fylkeskommunar, kommunar, små og store leverandørar millionar av kroner på å delta. Norsk presse dekkjer også messa, frå regionale aviser til nasjonale medium. Eg har sjølv vore der for Nationen tre gongar som journalist. Paradokset slo meg alt fyrste gongen, i 2012: Som journalist med mat og landbruk som arbeidsfelt er Grüne Woche ein av dei viktigaste stadene å vera for å snakke med folk og få greie på kva som rører seg på feltet.

Ikkje berre på grunn av Grüne Woche, men også å fylgje det internasjonale landbrukspolitiske toppmøtet, som Nationen av ein eller annan grunn har vore ganske åleine om å dekkje.

Det er noko paradoksalt at ein må reise til Berlin. At ein ikkje har fått det til på Matstreif i Oslo, Den norske matfestivalen i Ålesund, eller Dyrsku'n i Seljord. Alle desse stadene samlar tusenvis av tilskodarar, ein minister som skal dele ut ein pris eller klyppe av ei snor, for ikkje å snakke om mange lokale leverandørar som kan vera gode døme på kva ein har fått til av utvikling og innovasjon med små ressursar heime på garden.

Kanskje er det noko med at det norske fellesskapet blir viktigare så fort ein kjem seg ut av landet, og at det viskar ut det formelle skiljet mellom osteprodusenten og konsernsjefen, mellom lokalpolitikaren og statsråden.

Grüne Woche har fyrst og fremst vorte ei reiselivsmesse for Noreg.

Kanskje er det på grunn av alle andre aktivitetane rundt messa, som næringslivsdelegasjonen som samlar seg på torsdagen før Grüne Woche opnar, eller den faste mottakinga på ambassaden fredag kveld, som samlar delegasjonen, politikarar på ulike nivå, tyskarar, ulike folk frå ulike miljø som berre har teke turen og pressefolk.

Det offisielle målet med norsk deltaking på messa er ikkje å eksportere norsk landbruk til utlandet. Det er styrking av profilering av norsk landbruk og landbruksrelatert reiseliv, testing av mat- og reiselivsprodukt og betre samarbeidet, som står høgast på lista, saman med "internasjonaliseringskompetanse".

Sundqvist har heilt rett i at det må støttast opp under matfestivalar her i Noreg, også, trass alt er det norske forbrukarar som er hovudmarknaden for lokalmatprodusentar. Men det er nok ikkje like kult for lokalpolitikarar å delta på ein lokal matfestival, som Grüne Woche. I fjor sende Trøndelag ein stor delegasjon, med mellom anna 12 fylkespolitikarar og 26 ordførarar til Berlin.

Grüne Woche har fyrst og fremst vorte ei reiselivsmesse for Noreg, eit utstillingsvindauge som fyrst og fremst skal fylle interne behov. Og for all del, kan det tene norske lokalmatprodusentar å møtast i Berlin og utveksle erfaringar for korleis produkta kan vidareførast, som ulike rapportar konkluderer med, er det nok verdt deltaking på Grüne Woche.

Spørsmålet er om deltakinga på Grüne Woche legg beslag på pengar som ulike offentlege organ, til dømes kommunar som sender lokalpolitikarar, kunne brukt i Noreg, på festivalar og messer der dei som skal kjøpe lokalmaten (forbrukarane) kjem. Det svarar ikkje rapportane på.