Kvernbit susar oppover tabellen etter sigeren mot Fyllingsdalen 3 på ein gloheit dag på Holsnøy.

Gjestane stilte berre med 11 mann, slik at det blei etter kvart enklare for Kvernbit å styre kampen. Etter ein times spel var det slutt på kreftene hos gjestane, og då blei det ganske enkelt for heimelaget å score dei nødvendige måla.

I ein kamp med eit heller labert tempo, kunne Kvernbit score mange fleire mål i kampens sluttfase. Heimelaget vann på ein dag då kampen nok varte for lenge for mange grunna varmen.

Kvernbit ligg no på 4. plass med 9 poeng etter seks kampar. To bortekampar gjenstår før ferien; mot Skogsvåg og lokalderby mot Nordre Holsnøy.

Kampfakta

Kvernbit – Fyllingsdalen 3 4-1 (1-0)

6. divisjon, avdeling 03. 6. serierunde. Fossemyra Kunstgras 2. Dommar: Mattias Gripsgård Sakstad, Flaktveit.

1-0: Noel Michel Sibhat (22.), 1-1: Marius Nordstad (50.), 2-1: Sibhat (60.), 3-1: Jonas Erikstein (70.), 4-1: Filip Pavlovic (75.).

5. serierunde: Endeleg Kernbit sin tur

4. serierunde: Kvernbit gjekk på sitt tredje tap på fire kampar

3. serierunde: Tre baklengsmål på ti minutt

2. serierunde: Kvernbit vart bokstaveleg talt straffa

1. serierunde: Kvernbit slo til med åttemålssiger i sesongopninga