Næringskonferansen set i år fokus på korleis ein kan gå fram for å få betre dekning på telefon og internett, som er eit svært aktuelt tema i Gulen og Masfjorden. Deltakarane får høyre næringslivsaktørar og det offentlege presentere og dele utfordringar.

– Næring og samfunn er eitt av fokusområda til Næringsrådet, der kommunikasjon og rammevilkår er blant underpunkta, seier styreleiar i Gulen og Masfjorden Næringsråd Hans-Martin Martinussen i ei pressemelding.

– Dekning er relevant for alle bedrifter, og noko som ofte vert ei større utfordring når ein kjem ut i distrikta, legg han til.

Desse står på plakaten

Gulen og Masfjorden er begge store kommunar geografisk, og består i stor grad av fjell og holmar. Slike område gjer det noko meir utfordrande å byggja ut godt nett og dekning til alle, men behova og forventningane er like store som andre stader. På konferansne vil det bli lagt vekt på å gje råd og informasjon om korleis ein kan gå fram for å komma eit steg vidare, skriv næringsrådet i pressemeldinga.

På programmet står Ivar Petter Grøtte frå IT-forum Sogn og Fjordane, ordførarane Hallvard Oppedal (Gulen) og Karstein Totland (Masfjorden), representantar frå Telenor og Enivest og IT-gründer Njål Wilberg med hovudkontor på Mjømna.

– Våger å prøva igjen

Til å sy saman det heile er tidlegare Chess-gründer Idar Vollvik hyra inn. Trøndaren blei nasjonal kjend gjennom suksessen med Chess, og merksemda blei ikkje mindre då han selde bedrifta for nær ein milliard og deretter tapte alle pengane på børsen. Vollvik har dei siste åra drive selskapet Ludo, og blir støtt og stadig trua med konkurs.

«Idar Vollvik er årets konferansier og vil leia tilhøyrarane gjennom programmet. Vollvik har etablert fleire selskap med større og mindre suksess, og er modig når det kjem til å våge å prøva igjen.

Konferansen blir arrangert i Vidsyn torsdag 2. mars.