Onkl P & De Fjerne Slektningene kjem til Utkant-festivalen i Skjerjehamn i Gulen i sommar. Det annonserer festivalsjefen i ei pressemelding.

– Vi veit dei kan lage liv kvar for seg. Det har dei nemleg allereie bevist for Utkant-publikummet, skriv presseansvarleg Linn Dyveke Wilberg.

I 2011 spelte Jaa9 og OnklP på festivalen, og dei fleste medlemmane i Slekta spelte på festivalen i 2013 – då som rockebandet Oslo Ess.

– Sidan debuten i 2014 har Slekta produsert hits på grensa til landeplager. Eg gler meg enormt til å sjå dei sette Utkant i fyr når dei går på scena like etter at Stein Torleif Bjella har servert vakre viser, seier festivalsjef Viggo Randal.

Syng om angst

Utkant

  • Utkant er erin festival som vert arrangert åreleg i skjerjehamn i Gulen. I år går den av stabelen 27.-30.juli.
  • I fjor var kring 11.000 personar innom festivalen i løpet av helga.
  • Festivalen vart arrangert første gong i 2007.

OnklP, eller Pål Tøyen som han eigentleg heiter, vart først kjend som eine halvdel av hiphop-duoen Jaa9 og OnklP, men har dei siste åra gjort suksess åleine og saman med gjengen frå Oslo Ess. Dei danna gruppa Onkl P & De Fjerne Slektningene, og har mellom anna gitt ut låten «Styggen på Ryggen» som blei kåra til årets låt av VG, fekk Edvard-prisen 2015 i klassen tekst til musikk, og den blei nominert til årets hit på Spellemannprisen i 2014. Onkl P & De Fjerne Slektningene blei også kåra til årets liveartist på P3 Gull i 2014. Låten har ein sjølvbiografisk tekst om angst.

For to år sidan var Pål Tøyen å sjå på TV-skjermen som ein av gjengen i programmet «Hver gang vi møtes».

Meir i vente

OnklP & De Fjerne Slektningene skal spele på fredagen på Utkant, i tillegg til mellom anna Stein Torleif Bjella. På torsdagen spelar Hellbillies og nykommaren Sigrid frå Ålesund. Laurdagen står rapparen Silvana Imam for tur.

– Mykje bra er på plass, men det kjem sjølvsagt meir. Booking-kabalen er i ferd med å gå opp og vi lovar fleire nye namn før påske, seier Randal.