Den tidlegare ordføraren vår, Olav Steinar Namtvedt, fyller 70 år søndag 9. april. Jubilanten feirar med ope hus på Samfunnshuset Skogen, Sletta – naturlegvis! Denne møteplassen med dugnad, idrett og kultur rammar også inn dei beste verdiane Olav Steinar står for og arbeider for.

Olav Steinar har vore politisk engasjert sidan han starta i Senterungdommen, og han har ei lang og solid karriere i Senterpartiet særleg i kommunepolitikken, men også ut over dette. I Radøy var han ordførar i heile fire periodar. Han har motteke Senterpartiet sitt heidersmerke for innsatsen sin!

Det fell for langt å helsa jubilanten med anna enn nokre få utdrag frå den rike karriera hans, for han har opplevd mykje. Men, nokre fine omtalar går ofte att når me omtalar Olav Steinar, og det er ryddig, sakleg, kunnskapsrik og arbeidssam. Som ordførar var Olav Steinar nær folk, og han har ein imponerande hugs på namn, slektsforhold og ikkje minst stad og stadnamnkunnskapen. Det er uråd å setja han fast i radøygeografien!

Olav Steinar har alltid stått støtt i kampen for folkestyre og likeverd. Han var sentral i å hindra at livsforsikringsselskapet KLP vart omdanna til aksjeselskap. Dette har kommune-Norge og tilsette tent godt på! Som stødig organisasjonsmenneske engasjerte han seg i KS, og vart heidra for dette etter endt ordførargjerning, og elles engasjerte han seg sterkt i interkommunalt samarbeid.

Blant hans mange interesser, så vil eg særleg trekkja fram kulturordføraren. Der raga han høgt i ordførarkorpset, og hans største augneblink som ordførar var i følgje han sjølv då Radøy i 2004 vart kåra til Hordaland sin fremste kulturkommune, og kom til landsfinalen.

Grunnlaget var det breie kultur- og idrettslivet i kommunen. Her kvitterte fotballspelaren godt ut! Mange radværingar vil også takka han for at han fekk bygdebokprosjektet i ordna former, slik at det seinare kunne fullførast.

Jubilanten har dei siste ti åra halde eit høgt tempo i ulike verv, og gitt ei hjelpande hand med så mykje, for så mange. Slik er han, hjelpsam og solid tilstades for vanlege folk, oftast saman med si kjære Vigdis. Olav Steinar er også eit lesande menneske, og solid nynorskmann, som kan sin Jakob Sande, som han ofte siterer. Eg vil helsa den kloke, men også stillfarne Olav Steinar hjarteleg tillukke med dagen med diktet Bautasteinar av Jakob Sande:

Det kan no så ymse vere

med eitt og hitt.

Kvar har vel sitt å bere,

og eg har mitt.

No vil vel dei fleste seie

at eg har mest.

Sjølv vil eg heller teie,

det høver best.

Men kviskra i løynd går orda

frå mann til mann:

- han her grov sitt pund i jorda,

- ferdig med han!

So Herren vår Gud bevare

alle som ein!

Her kan vi trygt bespare

ein bautastein.

Nei, ta det med ro, småsveinar,

trø stilt på jord.

Eg har reist mine bautasteinar

i ord.

Jon Askeland

Ordførar Radøy