Programmet for årets næringskonferanse på Mongstad 6. september er klart. Tidlegare har det vore kring 600 deltakarar på konferansen. I år er allereie 100 påmelde.

Årets tema er endring, og gjennom programmet har Nordhordland Næringslag, med Svein M Nordvik i spissen, sett eit tydeleg fokus.

Klima og andre endringar

Olje- og energiminister Terje Søviknes skal få legge fram fellesnemnarar mellom klimamål og fossil energi, konserndirektør Irene Rummelhoff i Statoil vil presentere Statoil si satsing på fornybar energi, og Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK vil ta opp spørsmålet korleis vi kan utnytte vasskrafta sitt potensial, også internasjonalt.

– Endringane skjer raskare, med større intensitet og større konsekvensar no enn før. Det må vi ta inn over oss. Konferansen handlar ikkje direkte om klimaendringar, men det er ein del av det større endringsbildet, seier dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, Svein M Nordvik.

Næringskonferansen

Næringskonferansen på Mongstad vert arrangert annankvart år, veka før kommune- eller stortingsval.

Konferansen tek sikte på å samle deltakarar frå næringslivet, det offentlege og politiske miljø, i tillegg til elevar og studentar.

Konferansen er gratis og open for alle. Påmelding via nettsida www.naeringskonferansenmongstad.no.

Arrangør er Nordhordlands næringslag.

Rett kompetanse

Klimaendringar er ikkje den einaste endringsprosessen konferansen tek tak i. Hege Skryseth, president i Kongsberg digital vil legge fram det ho omtalar som ein digital revolusjon, og filosof Henrik Syse vil drodle over det grunnleggande spørsmålet om alt eigentleg er i endring.

Les også: PSW Group har sikra ny treårig kontrakt 

Det konferanseprogrammet slår fast utan tvil, er at det vil vere behov for den rette kompetansen, også i framtida. Spørsmålet, sidan alt er i endring, vert korleis ein kan finne kompetansebehovet og vite kva vi treng i framtida. Desse spørsmåla skal stortingsrepresentant Hadia Tajik og rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, få bryne seg på. Her kjem også spørsmålet om alt faktisk er i endring inn i bildet, for naturlover er no ein gong naturlover, og med god basiskunnskap i botn kan ein lære mykje.

I tillegg kjem administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth for å snakke om finans i framtida, Hilde Tonne, frå Digital Norway vil presentere Næringslivets nye digitale kvardag og professor Torger Reve ved BI vil gje nokre frampeik på temaet: Kva slags næringsliv er det vi bevegar oss mot?

Utfordring og gode

For næringslivet i regionen utgjer endringane både utfordringar og moglegheiter for dei ulike bransjane. 

– Det er eit gode fordi ein kan jobbe smartare og ta i bruk ny teknologi, og ei utfordring fordi ein kanskje ikkje heng med, seier Nordvik. 

Han viser mellom anna til industribedrifter som tradisjonelt sett har vore ordreproduserande, men som no må ligge i forkant på teknologiutviklinga og i større grad utvikle og selje eigne produkt.

Skape debatt

Det å legge konferansen til ei veke før valet er eit bevisst val.

– Slik har det vore i meir enn ti år. Vi registrerer at det er eit stort engasjement og interesse, samstundes som vi får eit tema belyst av både politikarar i posisjon og dei i opposisjon slik at vi får ein god debatt, seier Nordvik. 

Les også frå førre konferanse: Grenser er tema på næringskonferansen