Fylkesmannen trekk tilbake utsleppsløyva frå Erko Seafood AS for lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten i Masfjorden. Havforskingsinstituttet og Engesund Fiskeoppdrett får redusert løyve på lokalitetane Knappen/Solheim, Smørdalen og Ådnekvamme. Det opplyser Fylkesmannen i Hordaland på sine heimesider tysdag.

– Miljøtilstanden i Masfjorden er kraftig redusert den siste tida, skriv Fylkesmannen.

For lite oksygen for fisken

– Hydografiske målingar i Masfjorden har vist at oksygennivået i dei djupaste delane av fjorden er blitt lågare enn det fisk treng for å overleve, opplyser Fylkesmannen.

 

«Årsakene til endringane er samansette. Historiske data viser at vassutskiftinga i Masfjorden har vore ujamn, det har gjerne gått 10 til 13 år mellom kvar stor utskifting av bassengvatnet i fjorden. Samstundes som det har vore ei lengre periode utan utskifting av bassengvatnet, har akvakulturproduksjonen i fjorden auka.» opplyser Fylkesmannen vidare og peiker på at utskifting av det djupe bassengvatnen ser ut til å vere ein generelt trend i terskelfjordar på Vestlandet.

– Dette kan vere ei følge av klimaendringar og endringar i meteorologiske tilhøve som vi veit er viktige drivkrefter bak slik vassutskifting. Når botnvatnet i terskelfjorden ikkje blir skifta ut, blir effektane at utslepp av organisk materiale frå oppdrettsanlegga større.

– Uakseptabelt nivå

Fylkesmannen skriv på sine heimesider at det i samband med tildeling av utsleppsløyve i 2011 og 2012 blei gitt pålegg frå fylkesmannen om overvaking av djupvatnet i Masfjorden. Pålegget vart gitt for å undersøke om fjorden tolte dei auka utsleppa og vere ei oppfølging av utrekningar oppdrettar hadde fått utført. Denne overvakinga vart ikkje gjort før i 2016. Fylkesmannen fekk første rapport 16. desember 2016. Resultatet viste at det hadde vore nedgang i oksygennivået i bassengvatnet sidan 2012. No var oksygenmettinga i den djupaste delen av fjorden under kritisk grense for at fisk skal kunne overleve. Målingar i 2017 viser at tilstanden ikkje har endra seg til det betre.

– Når miljøtilstanden i resipienten har utvikla seg til det uakseptable, er det naudsynt med tiltak. Masfjorden har langt lågare kapasitet til å tole utslepp frå akvakultur enn ein tidlegare trudde. Vi veit ikkje kor lenge effekten av dei auka utsleppa vil verke på fjorden, opplyser Fylkesmannen.

Les også

Frå dette rommet fôrar Elisabeth og Marte tusenvis av fisk