(BA/NTB) Det er eit venta uvêr og NVE har allereie varsla flaum og jordskredfare på Vestlandet.

Det er og varsla kraftig vind i Hordaland, særleg nær kysten og fjellet. Det ventast mykje lokalt nedbør, opp mot 50 millimeter på seks timar.

I Bergen har Fjordline innstilt avgangar til og frå Hirtshals, og Widerøe seier at dei føl situasjonen tett.

«Ekstreme konsekvensar» på Austlandet

Meteorologisk institutt hevar farenivået for fredagens storm til høgste nivå. Folk vert oppfordra til å tjora fast lause gjenstandar og halda seg innandørs.

Ein forventar «ekstreme konsekvensar» av stormen i fleire fylke, men Hordaland er ikkje blant dei hardast ramma. Meteorolog Camilla Albertsen ved Storm Geo opplyser at ekstremvêret «Knud» vil påverke vêret i Hordaland og.

– Vi vil merka det her og, berre ikkje i fullt så stor grad som på Austlandet. Lågtrykksenteret ligg ute i Nordsjøen no og vil i ettermiddag trekka innover Rogaland. Det gir allereie ein god del nedbør hjå oss no og regnet vil fortsetta utover dagen, seier ho.

Det er forventa opptil 50 millimeter nedbør på utsette stader i Hordaland i løpet av fredagen.

– Vinden vil nok auka på også hjå oss utover ettermiddagen. Seint i dag vil vi få ein nord/nordvestleg sterk kuling til liten storm langs kysten og på fjellet i Hordaland. Sør i fylket kan det kanskje komma opp i full storm i løpet av kvelden.

– Vil det bli like ille som onsdagens uvêr i Bergen?

– Nei, det vil nok ikkje bli like kraftig, men det vil nok merkast utsette stader.

Ekstremvêret som har fått namnet Knud er ikkje til å spøka med, bedyrar statsmeteorolog Vibeke Thyness i Meteorologisk institutt. Meteorologane meiner det er fare for liv og ekstreme konsekvensar.

– Dette blir ein kveld vi kjem til å huske, seier Thyness til NTB.

Vinden er venta å ta seg opp i 16-tida og vil vere på sitt sterkaste mellom klokka 18 og 21. Ekstremvêrvarselet gjeld for fylka Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold, mens det er gult farenivå i Buskerud, Telemark, Agder og Rogaland.

Tre kan velta i Oslo

Innover Oslofjorden kan vindkasta komme opp i 30 meter per sekund, ein kan og få vindkast på 25 meter per sekund heilt inne i Oslo.

– Såpass mykje vind er ikkje vanleg å ha i Oslo. Dersom dette slår til vil tre velta og inne i byen, seier Thyness.

Bølgene i Oslofjorden kan bli mellom fem og sju meter, og folk vert bedne om å halda seg unna svaberg.

– Dette er ikkje til å spøka med. Vi rår ifrå stormturistar ute på svaberga. Ikkje gjer det. Dette er farleg vêr, ikkje noko spanande, seier meteorologen.

 

Kaos

Folk vert oppfordra til å tjora fast lause gjenstandar og halde seg innandørs.

– Vi forventar trøbbel med trafikken, både i ferjetrafikken og over til Danmark. Vi forventar straumbrot og vi kan ikkje utelukka at tre kan falla over straumleidningar, seier meteorologen.

Raudt farevarsel vert sendt ut når det vert forventa «ekstreme konsekvensar» av vêret.

– Det vil vere stor fare for at liv går tapt, og at det blir store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur. Styresmakter og sivile i råka område vert oppfordra til å utføre tiltak som bidrar til å sikre liv og avgrense skadeomfanget, heiter det i retningslinjene.