Marthe (15) fortel opent ut om eiga tru, og korleis det er å vere ungdom og kristen.

– Han er ein eg kan prate med når eg kjenner meg einsam og lei meg. For meg er det ein tryggleik i ein elles kaotisk kvardag. Eg hadde kjent meg tom utan trua mi.

Slik forklarar Marthe Halle (15) frå Leknes kva Gud betyr for ho.

I dag er det mange som tek avstand frå religiøsitet, og i 2016 var det meir enn 40.000 som melde seg ut av Den Norske Kyrkja. Men endå er det mange som har eit sterkt forhold til den kristne trua, Marthe er ein av dei.

– Før var eg meir «søndagskristen», som eg kallar det. Eg gjekk i kyrkja på søndagar og på julaftan, men det var alt. Så melde eg meg inn i Laget, ein organisasjon som fokuserer på tru i skular og blant ungdom. Der fekk eg menge meg med andre kristne og fekk eit mykje nærare forhold til Gud.

Sjølv om Marthe no går på ein kristen skule, og difor er vand med at dei fleste rundt ho delar trua, merkar ho at «kristen» sjeldan er synonymt med «kult».

– Nokon gonger kjennast det ut som eg blir kategorisert som englebarn berre fordi eg er kristen. Eg blir liksom ho kjipe som følger alle reglar og sånn. Eg trur og det er mange som forbind kristendommen med gamle kyrkjesalmar, eller trur at vi ikkje kan bestemme over oss sjølve og slikt.

Når Han er her så berre veit eg det. Eg blir gjerne varm og føler meg veldig glad.

 

Det er veldig mykje snakk om kor viktig det er å stå på eigne bein, fortel Marthe som vidare seier at ho syns det er synd at folk trur kristne ikkje er sjølvstendige.

– Det er jo eit val å tru, på same måte som det er eit val å ikkje tru. Eg syns ikkje mitt val gjer meg mindre sjølvstendig. Uansett så syns eg det er råkult å vere kristen!

Marthe legg til at det også kan vere litt vanskeleg å snakke om Jesus og tru. Spesielt med ikkje truande. Ord som Nåde og Gud er veldig store. Ho trur det fort kan høyrast litt for heilagt ut for nokon. Difor set ho stor pris på å ha eit stort nettverk kring ho som trur på det same.

– Det er veldig kjekt å vere ein del av noko som er større enn meg sjølv. Og det at eg går på ein kristen skule gjer det mykje enklare for meg å vere open om trua mi.

Men til hausten trur ho dette kan bli annleis. Då byrjar ho nemleg på offentleg vidaregåande skule.

– Der er det kanskje ikkje så kult å vere kristen eller å snakke om det å tru. Det blir jo heller ikkje samlingar med andre kristne, slik som det er på Danielsen.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

 

Men Marthe har også mange vener som ikkje er kristne, og det er ikkje noko problem. Men ho skulle på ein måte ønske dei var det likevel.

– Å opne hjartet mitt for Jesus og Gud er det beste som har skjedd meg, og eg unner alle kring med det same!

Les også

Ekstremt sjeldan sjukdom gjer Marion dårlegare og dårlegare. Ingen klarer å hjelpe

 

I mange religionar er det mykje reglar ein må leve etter, men Marthe føler sjølv at Kristendommen ikkje er ein av dei:

– Det er ikkje sånn «Du skal gjere ditt og datt, elles hamnar du i helvete». Det handlar meir om at eg prøver å leve eit godt liv, og gjere gode gjerningar. Når ein opnar seg for trua og blir fylt av Den heilage ande gir det meg lyst til å gjere gode ting.

– Det same gjeld bøn: Det er ikkje sånn at eg må be fleire gongar dagleg på bestemte tidspunkt. Eg ber eg fordi eg sjølv har lyst!

– Det er ikkje sånn «Du skal gjere ditt og datt, elles hamnar du i helvete».

Marthe Halle

 

Og å be er noko Marthe set pris på å kunne gjere. For ho har ein tryggleik i å kunne snakke med Gud dersom ho treng hjelp eller berre nokon å snakke med.

 

– Eg prøver å snakke med Han kvar dag. Då fortel eg om korleis dagen min har vore, eller korleis eg har det. Men eg kan og be dersom eg har trøbbel med noko. Det var ein gong vi hadde tekniske problem på skulen, og då bad eg om at det kunne ordne seg. Og det gjorde det!

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

Slik meiner Marthe at ho kan vere sikker på at Gud er med ho. Nokon gonger kan følelsen av Hans nærvær vere overveldande, men ho syns det er ei fin kjensle.

– Når Han er her så berre veit eg det. Eg blir gjerne varm og føler meg veldig glad. Ein gong følte eg at han var med meg også gråt eg berre av lykke og takksemd. Det er ei litt spesiell, men fin kjensle.

Når Han er her så berre veit eg det. Eg blir gjerne varm og føler meg veldig glad.

Marthe Halle

 

Det er mykje debattar kring religion, og mange tek avstand fordi dei meiner at trua er ein motsetnad til vitskaplege bevis. Dette har Marthe eit anna syn på.

– Mange seier jo at det er anten tru eller vitskap. Men eg trur det henger i saman. Gud er skaparen av alt, inkludert vitskapen. Ein kan sjå det i naturen også, alt heng så godt i saman at det gir ikkje meining at det berre har komme heilt tilfeldig. Alt er liksom ein del av Guds plan, og det syns eg er ganske fint.

– Ville du vore kristen dersom du ikkje hadde vakse opp i ein kristen familie og i eit kristen miljø?

– Eg veit jo ikkje. Men Gud har ein plan for alle. Kanskje hadde eg reist på ein ungdomsklubb eller noko og møtt Jesus der. Eg trur nok trua hadde vore ein del av meg uansett.

Les også

16 år gammal blei Amalie mamma