Nordre Holsnøy kunne toppa tabellen med siger i denne kampen. I staden blei dei passert av motstandaren Sartor frå Sotra.

Bortelaget trilla mykje ball, men dette var ikkje dagen for effektivitet. Nordre Holsnøy klarte berre å score på straffespark rett før slutt.

Dei klarte ganske enkelt ikkje å utnytte sjansane dei hadde. Sartor hadde ein viss form for kontroll gjennom det meste av kampen.

Heimelaget sine gode midtstopparar klarte å stoppe det meste av det gjestane kunne by på offensivt.

Nordre Holsnøy har tatt alle poenga på heimebane, men har tapt begge bortekampane. Pussig nok på Sotra begge to. Borteforma må bli betre viss Nordre Holsnøy framleis skal vere ein opprykkskandidat.

Laget ligg no på 3. plass med ni poeng etter fem kampar, tre poeng bak serieleiar Sotra 3 som har spelt like mange kampar.

Kampfakta

Sartor – Nordre Holsnøy 2-1 (2-0)

6. divisjon, avdeling 03. 5. serierunde. Straume Sotrabanen. Dommar: Daniel Vy Dembowiak, Fyllingsdalen.

1-0: Remy Andre Brakstad (6.), 2-0: Daniel Lund (30.), 2-1: Arild Vikebø (str.89.).

4. serierunde: NHIL toppar tabellen etter gnistrande kamp

3. serierunde: Tre spelarar scora to mål kvar

2. serierunde: Nordre Holsnøy utlikna to gonger, men tapte til slutt

1. serierunde: Nordre Holsnøy sesongopna med siger