Hopp til innhold

Sandberg i lovstrid med fiskeri­professorar

To professorar meiner fiskeriminister Per Sandberg tar feil om kva loven tillèt av endringar i fiskerinæringa. Dei to seier Sandberg kan ta kvotar frå reiarane og gi til kommunane.

Folkemøte i Vardø

VARDØ: Fiskeriminister Per Sandberg har invitert til dialogmøter langs kysten for å oppklare fakta. Men det er usemje om kva som er fakta.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Fiskeriministeren fortset sin turne rundt på folkemøte langs kysten av Nord-Norge. Torsdag 18. mai står Hammerfest for tur. Formålet med folkemøta er ifølge Sandberg å ha ein faktabasert diskusjon, men det er sterk usemje om kva som er fakta, og korleis lover og forskrifter skal tolkast.

Professor ved Norges fiskerihøgskole, Torbjørn Thorsen, og Peter Ørebech, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø meiner fiskeriministeren tar feil på fleire lovpunkt:

1. Kan Sandberg gi eigne kvotar til enkeltkommunar?

Å gi kvotar til kommunane, for å skape aktivitet langs kysten, er blant forslag som er komne fram. Sandberg har sagt at han er positiv til eit slikt forslag, men det då må lovendring til. Det er Trondsen sterkt ueinig i, og viser til havressurslovas §11.

Departementet kan fastsetje at ein del av den nasjonale kvoten eller ein del av gruppekvoten for ei eller fleire fartøygrupper skal leverast til tilverking ved landanlegg i bestemte distrikt (distriktskvote). Departementet kan fastsetje forskrifter om fordeling av og vilkår for utnytting av distriktskvoten.

Havressurslova, §11 / Lovdata

– Her er ingen tvil. Statsråden har heimel i massevis, seier Trondsen.

Han understrekar at det ikkje betyr at statsråden gir eigedomsrett til kommunane, men gir kommunane rett til å forvalte ei distriktskvote.

Torbjørn Trondsen og Per Sandberg

På folkemøtet i Vardø 11. mai, var professor ved Norges fiskerihøgskole, Torbjørn Trondsen, og fiskeriminister Per Sandberg sterkt ueinige i kva endringar Sandberg kan gjere utan lovendring.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Nei, eg har ikkje heimel til å gi kvotar til kommunane, svarer fiskeriminister Sandberg.

Fiskeriministeren meiner at deltakarlova må endrast om kommunane skal kunne få eigne kvotar.

Han seier at han har sjekka dette opp, og ifølge Sandberg er Trondsen den einaste som meiner at kvotar til kommunane er ein moglegheit. Sandberg seier at ja, han kan gi distriktskvotar regionalt og til anlegg,

– Til det kan eg bruke loven, men eg kan ikkje gi til kommunane, seier han.

2. Kan Sandberg ta kvotar frå trålarane?

I fiskerimeldinga som Sandberg la fram i april, foreslår han å ta 20 prosent av dagens trålkvote og overføre den til kystfiskarflåten. Fiskeriministeren har ved fleire høve sagt at det er juridiske grunnar til at talet blei 20 prosent og ikkje meir.

Dei to professorane ved UiT meiner derimot at Sandberg står fritt til å omdistribuere kvotane. Dei viser begge til Volstad-saka, der reiar Eivind Volstad gjekk til sak mot staten for å behalde kvotane sine til evig tid.

Høgres fiskeriminister Svein Ludvigsen innførte tidsavgrensa fiskekvotar, men desse blei endra i 2007, då Helga Pedersen (Ap) vart fiskeriminister. Volstad meinte det var grunnlovsstridig å gå tilbake på livsvarige kvotar etter at han hadde kjøpt dei under dei premissa.

Peter Ørebech

Professor i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø, Peter Ørebech.

Volstad tapte i høgsterett, og saka blei avvist for handsaming i menneskerettskommisjonen i Strasbourg.

– Fleirtalet sa at dette kan regjeringa gjere – dei kan flytte kvotar frå eit fartøy til eit anna, frå eit reiarlag til eit anna, og så vidare. Det var ikkje i strid med grunnlovens §97 eller menneskerettane, seier Ørebech.

Regjeringsadvokaten representerte i regjeringa i høgsterett, og vann fram med regjeringas standpunkt i at kvotar blir tildelt for eitt år av gangen. Ørebech meiner no at Sandberg prosederer det motsett standpunktet.

– Så reiser Sandberg rundt og preiker det standpunktet som blei torpedert av menneskerettskommisjonen, som om det var rett, seier Ørebech.

– Det går ikkje an å reise rundt og predikere motstandens standpunkt, altså ikkje statens standpunkt, når han er regjeringas representant innanfor fiskerisektoren, seier Ørebech.

3. Følger Sandberg formålet i loven?

Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna.

Havressurslova §1 / Lovdata

– Ein fiskeriminister skal legge vekt på sysselsetting, busetjing i kystsamfunna og den samfunnsøkonomiske lønnsemda, seier professor Trondsen.

Trondsen meiner Sandberg lar vere å tenke på kva som gagnar samfunnet, og berre tenker bedriftsøkonomisk – stikk i strid med kva havressurslova seier.

Ørebech meiner det er grunnlag for å stille mistillitsforslag mot Sandberg, men av ein anna grunn enn formålsparagrafen i havressurslova. Han viser til Volstad-saken.

– Per Sandberg bruker Volstad-saken som døme på at det bryt med grunnlova og menneskerettane å ta kvoter frå reiarane, men det motsette er avgjort i retten, Ørebech.

Ørebech viser til ansvarlighetsloven, som seier kva statsråder kan bli stilt til riksrett for.

– Ein statsråd som bryt med dei gjeldande rettsreglar som gjelder i Noreg, kan blir frådømt sitt embete. Statsråder plikter å følge gjeldande lov og rett i Noreg, seier Ørebech.

– Og gjeldande lov og rett i Norge det er at det å flytte kvotar frå eit fartøy til ein annan, det er ikkje i strid med grunnloven eller menneskerettane. han snakkar meir eller mindre medvite om dette og tar eit standpunkt som er rettsstridig.

Ørebech fortel at då ein tok kvotar frå kystflåten og over til trålflåten så var det for at trålarane skulle sørge for heilårleg, kontinuerleg leveranse av fisk til anlegga, når kystflåten av ulike grunnar ikkje kunne levere.

– Dei som har hatt desse pliktene har systematisk arbeida for å kvitte seg med denne leveringsplikta, og ta fisken til frysehotell og selje til utlandet – utan tilarbeiding på nokon måte, seier Ørebech.

Eigedomsretten det norske folk har til ressursane i havet, det bryr ikkje Sandberg seg om, meiner Ørebech.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark