Hopp til innhold

Følger laks på rømmen

Kvart år rømmer over 100 000 laks frå norske oppdrettsanlegg, men kva laksen gjer med fridommen veit forskarane lite om.

Merking av laks

LAKSEMERKING: I ein spesiallaga operasjonsboks får ein oppdrettslaks eit sporingsmerke sydd inn i buken. Forskar Jenny Jensen er laksekirurg.

Foto: André Bendixen / NRK

I fjor var 131 000 oppdrettslaks på rømmen, året før var talet 170 000. Rømt oppdrettslaks har blitt ein alvorleg trussel mot villaksen. Forsking viser blant anna at genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks gir færre store villaks.

Å kunne hurtig gjenfange rømt fisk er viktig for å hindre at oppdrettslaksen kjem i kontakt med villaksen. Men då må ein vite kor ein skal leite.

Sporingssystem til laks

Den vesle sporingseiniga blir operert inn i laksen. Den store loggaren blir satt ut i fjorden, og tar imot signal frå merka laks.

Foto: André Bendixen / NRK

I Alta blir geomerka laks no satt ut i fjorden.

Går dei djupt, svømmer dei saman, følger dei straumen? Forskarane ved Akvaplan-niva har mange spørsmål dei håpar dei no vil få svar på.

– Håpet er at det er system i galskapen, at forsøket gjer at vi vil kunne føresjå kva laksen gjer etter rømming, seier Jenny Jensen, forskar og rådgjevar ved Akvaplan-niva.

Ved Grieg Seafood sitt oppdrettsanlegg i Alta har ei gruppe oppdrettslaks denne veka fått sett inn sporingsmerke i buken.

I samarbeid med Grieg Seafood, Norway Royal Salmon og Cermaq, slepper forskarar frå Akvaplan-niva dei merka laksane fri under ei simulert rømming.

Operasjon av laks

Laksen får bedøving før Jenny Jensen lagar eit snitt i buken, og setter inn sporingsmerket. Operasjonsboksen er spesiallaga slike at laksen får oksygen under inngrepet.

Foto: André Bendixen / NRK

– Vi vil då kunne sjå kor mange av dei som går opp i lakseelva og kor høgt opp i elva dei går, seier Jensen.

Kart over lakselogger

Merket sydd inn i laksen sender signal til loggarar som er plassert rundt i Altafjorden. Loggarane registrerer kor laksen svømmer etter rømming.

For oppdrettsselskapa kan ei rømming vere kostbar. I tillegg til å miste salbar laks, må selskapa bruke ressursar på å fange inn den rømte laksen. Ofte vert det lyst ut dusør per fanga oppdrettslaks.

– Det er viktig for oss at den rømte laksen ikkje drar opp i elva, seier Roger Karlsen, områdeleiar i Alta for Grieg Seafood.

Karlsen jobbar ved oppdrettsanlegg i Alta, i ein av landets 29 nasjonale laksefjorder, der ivrige laksefiskarar ofte kjem med hard kritikk mot næringa.

– Vi ønsker ikkje at oppdrettslaksen skal blande seg med villaksen, så i tilfelle vi får ei rømming, så vil vi vite kor laksen drar. På den måten kan vi gjenfange den på best mogeleg måte, seier han.

Roger Karlsen

Roger Karlsen, områdeleiar i Alta for Grieg Seafood.

Foto: André Bendixen / NRK

Få slike studium i Norge

Utstyret som er i bruk er kostbart, og forsøket er ressurskrevjande. Eit tidlegare forsøk på sporing av laks i Altafjorden ga ikkje nok resultet. Laksen blei då sett ut i kilenotsesongen, når det blir fiska etter laks med garn i sjøen. Store deler av testfisken blei derfor fiska opp inne i fjorden, før ein fekk sjå kor den ville svømme.

Forskar Jenny Jensen håpar dei vil få meir kunnskap no, og at folk som fiskar opp ein merka laks tar kontakt.

– Vi har sett eit merke på ryggen av fisken, så det skal gå an å sjå kva fisk som er med i forsøket, seier ho.

Oppdrettslaks i håv ved oppdrettsanlegg

For å fange rømt oppdrettslaks må ein vite kor den drar. Det håpar forskarar og oppdrettsselskapa å få svar på med geomerking og simulert rømming.

Foto: André Bendixen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark