Hopp til innhold

Nord-Norges MGPjr-håp syng om kjærleik

– Det gir ein sånn glede å vite at dette er noko eg har laga sjølv, og at dette er bra. Eirik Lyng (13) gler seg til å representere Alta og Nord-Norge i årets MGP-jr-finale.

MGPjr 2017 Finalist

MGPjr-EIRIK: Nord-Norges håp i årets MGPjr-finale er Eirik Lyng (13) frå Alta.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

4. november skal Eirik Lyng frå Alta stå på scenen med egen låt og kjempe om å bli vinnaren av MGPjr 2017.

Den sjølvskrivne songen har fått tittelen «Her for deg», og handlar om nettopp det å vere der for ein annan.

– Den handlar om kjærleik, om det å vere der for ei jente, forklarer han.

Eirik sende inn songen i ein pianoversjon, men korleis den endelege versjonen som blir spelt i finalen i november blir, er enda ikkje sikkert.

– Eg skal i studio i Trondheim og spele inn låten. Der vil vi sjå korleis den blir produsert. Eg ser for meg noko litt pop-aktig, seier Eirik, som i spelelista har musikk frå blant anna Sondre Justad, Astrid S og Bruno Mars.

Eirik Lyng

Eirik Lyng besøkte NRK Finnmarks radiostudio fredag ettermiddag, og fortalde om korleis det var å bli valt som ein av ti kandidatar.

Foto: Kristin Forland / NRK

Blei overraska på teaterøving

Fredag klokka 15 blei årets finalistar offentleggjorde, men allereie for ei veke sidan, fekk Eirik vite at han er med i MGPjr 2017. Beskjeden kom i form av ei overrasking frå Akutteateret, teatergruppa han er ein del av.

– Eg var på øving og vi skulle byrje med litt oppvarming. Det var nokre som filma med kamera der, men dei sa dei berre skulle filme øvinga.

– Så byrja vi oppvarminga. Leiar av Akutteateret tar tonen på piano, reiser seg opp, og då byrjar alle å synge refrenget på låten mi!

Då foreldra og broren kom inn døra byrja Eirik å legge saman to og to, og det gjekk opp for han at han er med i MGPjr-finalen i november.

I tillegg til Eirik frå Alta er det med deltakarar frå Nordfjordeid, Oslo, Lillestrøm, Sparbu, Rissa, Fredrikstad, Bergen og Bø i Telemark.

Alle MGP JR-finalistene 2017

14 unge talent fordelt på 10 finalistar skal opptre i Oslo på Fornebu 4. november 2017. Finalistane er eitt guteband og 9 solistar frå høvesvis Alta i nord til Bø i Telemark i sør.

Foto: NRK

Alta-guten har skrive låtar før, men då i samarbeid med andre. Når han skriv låtar bruker han å få ein idé i hovudet, skriv den ned, for så å legge til akkordar på piano.

– Så lager eg eit utkast som eg byrjar å finpusse på, seier han.

Markus og Martinus og To små karar er blant kjente namn som har starta i MGPjr-konkurransen. Eirik håpar sjølv å kunne halde på med musikk framover.

– Eg har alltid tenkt at eg har kjempelyst å leve av musikk og ha ein liten karriere.

Men foreløpig er Eirik stornøgd med å vere blant dei 10 bidraga som er blitt valt ut til årets finale.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark