Hopp til innhold

Sender fersk fisk frå Porsanger

Eit fraktfly lander tysdag på Banak i Lakselv. Flyet åpner den nye ruta som skal ta kongekrabbe og laks rett ut til verdsmarknaden. – Ruta vil gjere Finnmark til den mest attraktive regionen for sjømatindustrien.

fiskebruk, filetarbeid, Norway Seafoods Båtsfjord

FRÅ SJØ TIL MARKNAD: Transporttida for fersk fisk frå fiskebruket i Båtsfjord til marknaden, vil med den nye ruta vere ein tredjedel, frå 50 til 17 timar.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Fraktflyet frå DHL, som skal gå i fast rute frå Banak til Gardermoen, er realiseringa av eit årelangt arbeid for å få frakta fersk sjømat rett frå Finnmark ut og til marknaden.

Og det handlar om meir enn at det berre kjem eit fly for å hente litt fisk, fortel Fred Persen, som på oppdrag for ei rekke aktørar har jobba for å få realisert denne ruta.

– I Porsanger har ordførarar og lufthamnsjefar i 25 år jobba med å kunne fly ut sjømat ifrå nord. Tysdag blir ein milepæl for mange, seier Persen.

Fred Persen

Fred Persen har i ei årrekke jobba for å få på plass flytransport av fersk fisk frå Banak flyplass i Porsanger kommune. Han trur ruta vil gjere Finnmark til den mest attraktive regionen for fiskeindustrien å etablere seg i.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Saman med den helt nye godsterminalen på flyplassen har Lakselv no kome langt på vegen mot å bli det knutepunktet ein så lenge har ønska.

– Banak er den einaste flyplassen i nord som har lokale godkjent av mattilsynet for transitt og mellomlagring av fersk, frosen, og levande sjømat, seier Persen.

Betre kvalitet er noko den europeiske marknaden har etterspurt. Berre 15 prosent av torsken til Europa held god nok standard.

Norsk fisk i Spania

Med den nye transportruta vil Finnmark kunne levere fersk fisk til verdsmarknaden, som denne fiskemarknaden i Madrid, som sel norsk laks.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Den nye fraktordninga vil redusere transporttida for sjømat frå Finnmark frå 50 timar til 17 timar.

– Kva betyr det for haldbarheit, pris, kvalitet, omdøme, spør Persen, og svarer seg sjølv:

– Finnmark vil vere den mest attraktive regionen for sjømatindustrien å etablere seg i, fordi har best logistikk, vi får varene fortast ut i marknaden, seier han.

Norge eksporterte sjømat for 24,1 milliarder kroner i første kvartal i år. Eksporten av sjømat frå Finnmark er på 415 000 tonn, og det vil derfor ikkje vere eit problem å få fylt opp eit fly i veka.

Utgangspunktet for at ruta skulle starte nettopp her, var at Banak flyplass i Lakselv, hadde den lengste rullebanen i Finnmark. Men lengda er ikkje alt.

Dei siste tre åra har det blitt jobba på spreng for å få på plass utstyret som krevst for ferskmat-transport. Dei store flya krev bakkeutstyr av ein storleik som kan snu dei tyngste transport- og passasjerflya.

– Dette utstyret finst berre ein annan stad i Norge, og det er på Gardermoen. No har vi faktisk ei lufthamn i nord som har dei same operative moglegheitene som ein hovudflyplass som Gardermoen, seier Persen.

Lakselv flyplass Bannak

Airbus-maskinen fra DHL lander etter planen på her på Banak klokka 11 tysdag, og vil ha både kongekrabbe og laks med seg sørover.

Foto: Atle Markeng / NRK