Hopp til innhold

Spår eksport til himmels med ny flyrute

Gjenopning av kongekrabbeeksport til Kina er berre starten, meiner krabbeeksportør. Den nystarta sjømatruta frå Finnmark gir eit hav av moglegheiter – snøkrabbe og kråkebollar kan stå for tur.

Export fra Banak

LEVANDE FRAKT: Tysdag gjekk det første flyet i det som skal bli ei fast rute av fersk sjømat frå Banak i Porsanger kommune.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Denne veka opna den nye fraktruta av fersk sjømat frå Finnmark. Ruta reduserer transporttida for fersk fisk og krabbe frå 50 timar til 17 timar – frå sjø til marknad.

CapeFish i Honningsvåg eksporterer årleg 450 tonn kongekrabbe frå Finnmark og ut til verdsmarknaden. Dagleg leiar i CapeFish, Bjørn Ronald Olsen, ser enormt potensial i den nye ruta, no som den kinesiske marknaden ser ut til å igjen vere mottakeleg for norsk sjømat.

– Eg ser store moglegheiter. Kina er eit stort land, og dei skal ha mat dei òg, seier han.

Fiskeriminister Per Sandberg signerte tysdag ein avtale med Kina om lakseeksport. Oppdrettsnæringa håpar avtalen vil gi dei milliardomsetning i lakseeksport i løpet av få år.

Snøkrabbe

Snøkrabben kan på sikt bli ein fiskeriressurs på linje med torsk og andre viktige kommersielle bestandar, ifølge Havforskingsinstituttet.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

For krabbeeksportøren CapeFish kan avtalen, i kopling med den nye flyruta, opne for eksport av nye sjømatvarer – som kråkebolle, sjøsniglar og ikkje minst snøkrabbe til den asiatisk marknaden.

– Potensialet i den nye rute ligg ikkje naudsynt i det vi eksporterer i dag, men det som kjem, spesielt snøkrabben som kjem inn som ny art i Barentshavet, seier Olsen.

Bjørn Ronald Olsen

Dagleg leiar i CapeFish i Finnmark, Bjørn Ronald Olsen, trur det er i snøkrabbefisket det største eksportpotensialet ligg.

Foto: Privat

Den årlege fangstkvoten på kongekrabbe ligg i år på 2000 tonn. CapeFish eksporterer i årleg 450 tonn levande krabbe. Men det er småtteri samanlikna med moglegheitene i snøkrabbeeksporten, fortel Olsen.

Ifølge Havforskingsinstituttet viser grove estimat at framtidig årleg utbyte av snøkrabbe i heile Barentshavet kan liggja ein stad mellom 50 000 og 170 000 tonn.

– Det er der potensialet ligg, seier Olsen.

Han trur òg ferskvaretransporten vil opne for eksport av arter vi ikkje har utnytta til no, som kråkebolle og sjøsniglar.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark