Hopp til innhold

Brukar 117 millionar kroner for å finna nye artar og liv i havdjupet

BERGEN (NRK): Opp mot 20 millionar artar lever uoppdaga fleire tusen meter under overflata. No skal Noreg bli verdsleiande i å finna dei.

Forskere i Bergen skal bruke store ressurser på å finne nye arter og liv på flere tusen meters dyp. Redigering: Stian S. Røkenes

VIDEO: Forskarar i Bergen skal bruka store ressursar på å oppdaga nye artar og liv på fleire tusen meters djup. Redigering: Stian S. Røkenes

– Me ser ting som ingen har sett før. Heilt nye formar for liv som er ukjende for menneska, seier Rolf Birger Pedersen, professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

I dag opna han UiB sitt nye forskingssenter, K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking. Her skal det setjast inn store ressursar for å finna nye artar på botnen av havet.

Djuphavet dekker over halvparten av jordas overflate. Med ein gjennomsnittleg djupne på over 4.000 meter er dette dei minst utforska stadene på kloden.

Rolf Birger Pedersen

SPENT: Rolf Birger Pedersen, professor ved Institutt for geovitskap ved UiB.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

30 forskarar skal finne svar

– Djuphavet er den største biosfæren på jorda. Det er mellom to og 20 millionar artar der, dei aller fleste ukjente. Og det er ikkje berre liv der, det er også eit vulkansk land, fortel Pedersen.

Sjølv i 2017 er det framleis mange ukjende dyreartar, varmekjelder og anna nede på djupna som me ikkje veit om.

Ei gruppe på om lag 30 forskarar skal jobba med geologi, biologi og mikrobiologi i djuphava. Første tokt tek til på Mohnryggen mellom Jan Mayen og Svalbard 21. juni.

Ministeren: – Viktig arbeid

Det har vore jobba i mange år for å få til det nye forskingssenteret. Noreg tek no ei leiarrolle i å avsløre livet på store havdjup.

Klima og miljøminister Vidar Helgesen stod for den offisielle opninga av senteret. Han tykkjer det er viktig å få meir kunnskap om havet.

– Truleg kan vi hente ut viktige ressursar frå havdjupa. Samstundes er det viktig å ta vare på livet der som er svært sårbart. Alt i alt er dette ein stor dag for marin forsking i Norge.

Vidar Helgesen

OPNA DET NYE SENTERET: Klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Skal studera korleis jorda oppstod

UiB har i mange år drive med djuphavsforsking. Med sitt eige nye senter skal dei blant anna studera korleis livet på jorda oppstod, og korleis djuphavets dynamikk påverkar kloden.

På djuphavet kan forskarane finna alt frå mikroorganismar til store dyr.

– Dei store kvalane dykkar ned på store djup. Det yrer med liv i havet, også på denne djupna. Me kan ikkje sjå kvalane der, men me kan høyra dei, seier Rolf Birger Pedersen.

Lyset forsvinn når ein kjem djupare enn 200 meter.

Senteret for djuphavsforsking vil disponera 117 millionar kroner over de fire første driftsårene. I tillegg blir det brukt millionar på utstyr og fartøy.

Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen går inn med 32 millionar kroner til senteret over fire år. I tillegg blir er det gjeve gåver på åtte millionar kroner.