– Det å designa sin eigen ferie er «in». Charter- og pakkereiser er ut. Folk blir meir og meir medvitne på lokale tradisjonar, «grøn turisme» og ansvarleg reising.
Det seier Janicke Hansen, ein av svært få nordmenn som driv reiseblogg på heiltid.
I fjor la bergenskvinna bak seg 160 dagar på reisefot og vitja 14 land på 35 reiser i inn- og utland.
– Den internasjonale trenden er at reisande er meir miljøvenlege, tek meir lokale omsyn og er blitt meir opplyste.
Nordmenn aukar feriebudsjettet
I løpet av dei tre første kvartala i fjor drog nordmenn på 17,8 millionar reiseturar.
Og det ligg an til å bli fleire i år.
Ei undersøking gjort av Norstat for Finn reise viser at reiser i større grad vil prega nordmenns private forbruk i 2017.
36 prosent svarar at dei føretrekker å bruka pengar på å reisa, i staden for klede, bustad, og fritidsinteresser.
Styrer unna turistfeller og dyr i fangenskap
Dei siste åra har fleire nordmenn valt å feriera heime og dei som har reist til utlandet har i større grad valt fekk charterturar.
Det er ein trend som vil halda fram, meiner Hansen.
Ei trendspaning frå Ticket feriereiser viser at årets store rakett ser ut til å bli USA, men også Thailand, Hellas og Kroatia er store vinnarar. Australia og London er årets store overraskingar.
Lonely Planet er verdas største utgjevar av reisehandbøker. Kvart år lanserer dei sine lister over anbefalte reisemål:
Men reiseekspertane ser ei tydeleg dreiing i reisemønsteret til nordmenn.
– Nordmenn vil ha ekte opplevingar og oppleva kulturen i landet me er i.
Bilferie, fjellturar og landsbygda
Hansen deltek på fleire internasjonale reisetreff- og konferansar i året. Utviklinga dei siste åra er tydeleg.
– Bilferiar er på frammarsj. Gjerne kombinert med fjellturar og sykkelturar på landsbygda. Europeiske storbyar er framleis ein feriefavoritt for mange, men fleire flyavgangar til dei nest største byane har gjort utvalet større, seier reisebloggaren.
– Fleire nordmenn hoppar difor av den trygge turiststraumen, og oppsøker dei mindre kjende reisemåla i Europa.
Her reiser nordmenn i år
Trass små endringar i reisemønster, er Sør-Europa framleis nordmenns favorittreisemål, om ein ser vekk frå nabolanda Sverige og Danmark. Det same er storbyferiar i Europa.
– USA er ei heit potet som reisemål. Asia vil koma mykje meir. Vietnam, Sri Lanka og Malaysia peikar seg ut som populære destinasjonar. Desse landa er mindre vitja og meir eksotiske, ifølgje Hansen.
Neste helg er ho éin av sju nominerte til prisen for Årets reiseblogg under Reiselivsmessen.
Ho har eitt tips om du funderer på å spikra sommarferien allereie.
– Akkurat no har dei fleste flyselskapa knallprisar. Viss du veit kor du skal er tida inne for å bestilla.