Hopp til innhold

Dette ekteparet er kriminelt suksessfullt

Ekteparet Agnes Matre og Geir Tangen gav ut krimbok samtidig. No er begge på bestseljarlista.

Agnes Lovise Matre og Geir Tangen

KONKURRENTAR?: Ekteparet blir ofte spurt om dei ser på kvarandre som konkurrentar.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det kjennest litt ut som galskap å gi ut krimbøker på same dag, på same forlag, seier Geir Tangen.

I mai gav han og kona, Agnes Matre, ut kvar si krimbok. Men ekteparet frå Hardanger er forsiktige med å blanda seg inn i kvarandre sine bøker.

– Me les kapittel til kvarandre, men berre om me er veldig usikre, eller veldig nøgde. Stort sett sit me stille i kvar vår stol, og skriv i timevis.

Og den strategien ser ut til å fungera bra – iallfall om ein spør bokkjøparane. Denne veka er begge inne på topp 15-lista over bestseljarar hos Bokhandlerforeningen.

Tangens Hjerteknuser er på 10.-plass, mens Matres Skinnet bedrar ligg på niandeplass.

– Eg trur det er første gong at eit ektepar er inne på topp 10 i Noreg med kvar si bok, seier Tangen.

Dekker kvart sitt område

Ekteparet sit i stova når dei skriv bøkene sine.

– Eg sit i ein Ikea-stol, og Geir sit krokbøygd over salongbordet. Det vil visa seg kor godt det er for ryggen hans etter at han har skrive nokre fleire bøker, seier Matre.

Men sjølv om dei deler arbeidsrom, dekker dei kvart sitt område i bøkene. Agnes Matre si historie føregår i Hardanger, mens Geir Tangen stort sett held seg i Haugesund, kor ekteparet bur.

– Eg får ikkje lov til å legga handlinga til Hardanger!, ler Tangen.

– Eg har sagt det til han. Hardanger er mitt!

Bestseljarliste

9. OG 10. PLASS: Både kone og ektemann har kome seg inn på Bokhandlerforeningen si bestseljarliste.

Foto: Skjermbilde

Cowboy-krim

Ekteparet starta med skriving rundt 2010, men dei har ikkje vurdert å skriva bok saman endå. Agnes Matre trur ikkje at det ville gått bra, fordi dei to skriv så forskjellig.

– Agnes kallar bøkene mine for cowboy-krim, og det stemmer for så vidt. Det er mykje galskap i dei. Hennar bøker er litt meir realistiske, svarer Tangen.

Den førre boka hans, Maestro, blei godt mottatt, og blei selt til 15 land på mindre enn tre veker. Tangen innrømmer at det kan vera vanskeleg å følga opp noko sånt.

Men ekteparets to siste bøker ser altså ut til å bli ein suksess, og er inne på bestseljarlista saman med namn som Orhan Pamuk, Jørn Lier Horst og Jo Nesbø.

Ikkje konkurrentar

Geir Tangen fortel at det er mange som spør om ekteparet ser på kvarandre som konkurrentar. Det avviser han.

– Me heiar på kvarandre! Dessutan har me felleseige, spøker Tangen.

Agnes Matre har allereie skrive hundre sider råmanus til neste bok, og ektemannen seier opninga kanskje er det beste han har lest i ei krimbok.

Det er usikkert om det blir synkronisert utgiving neste gong, men det som iallfall er sikkert, er at det blir mykje skriving framover.

– No skal me til Spania og bruka heile lærarferien vår til å skriva så blekket skvett, seier Matre.