Hopp til innhold

Nektar å via homofile: «Bryt med ei 2000-årig forståing av ekteskapet»

SOTRA (NRK): Den lokale presten vil via homofile – men Fjell sokn vil nekta han det. Soknet må respektera Kirkemøtet, seier biskopen.

Halvor Nordhaug og Egil Morland

VEDTAK: I eit vedtak gjort av Fjell sokn – på initiativ frå Egil Morland (t.h.) – står det at likekjønna vigsle «bryt med ei 2000-årig forståing av kva ekteskapet er». Biskop Halvor Nordhaug (t.v.) meiner det blir feil å tenka på denne måten.

Foto: Scanpix / NRK

– Me ønsker ikkje den nye læra om homovigsel velkomen i Fjell, seier Egil Morland i Fjell sokn.

Morland la fram forslaget i soknemøtet 30. april. 34 stemte for, og åtte mot.

I vedtaket står det at likekjønna vigsle «bryt med ei 2000-årig forståing av kva ekteskapet er».

30. januar blei det gjennom eit stort fleirtal på Kirkemøtet vedtatt ein felles vigselsliturgi for likekjønna. Frå 1. februar kunne homofile gifta seg.

Soknet meiner dei har rett til å nekta nye liturgiar – og dermed homofile vigslar – gjennom paragraf 11 i Kyrkjelova, som seier at «Menighetsmøtet avgjør saker om innføring av gudstjenstlige bøker i kirken og andre saker som etter bestemmelse av Kirkemøtet overlates til menighetsmøtets avgjørelse».

Det er biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, usamd i.

– Eg meiner heile grunnlaget for å tenka på denne måten er feil. Det er jo ikkje slik at kvar enkelt meinigheit er sjølvstendig innan den norske kyrkje, seier Nordhaug.

Daniel Mekki

– SMÅLEG: – Morland og hans meiningsfeller har anten manglande aksept for, eller forståing for, kyrkjedemokratiet, seier Daniel Mekki i Fri.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Heile kyrkja må akseptera det

Biskopen meiner det finst spelereglar alle må følga når det gjeld ordninga om homovigsel:

– Når ei slik ordning – der det ikkje berre er snakk om liturgien, men rett og slett ei ordning om at likekjønna kan få gifta seg i kyrkja – så må heile kyrkja akseptera det, seier Nordhaug.

Daniel Mekki, nestleiar i Fri, Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, støttar biskopen.

Morland og hans meiningsfeller har anten manglande aksept for, eller forståing for, kyrkjedemokratiet. Eg synest dette er småleg og heilt unødvendig, seier Mekki.

Følgjer ikkje biskopen

​Soknepresten i Fjell, Terje Aannerød, er sjølv positiv til likekjønna vigsel.

Men Egil Morland har ingen planar om å endra standpunkt og følgja biskop Nordhaug sine formaningar, og vil be presten følgja vedtaket.

– Sjølv om dette er omtvista, og nokon kan seia at me ikkje har rett til å nekta homovigsel, så vil me oppfordra prestane våre til å ikkje innføra denne praksisen og læra i Fjell, seier Morland, som også er førsteamanuensis i teologi på høgskulen NLA i Bergen.

– Soknet har blitt påført mange sår

Minst to kyrkjelydar har allereie fatta liknande vedtak som Fjell: Eiken i Agder og Nærbø i Rogaland.

Ifølgje Morland vil det bli fleire. Han meiner det er behov for ei endeleg avklaring på kven som bestemmer over kvar enkelt kyrkje.

– Kyrkjerådet kan sjølvsagt be om å betala for å få ei juridisk vurdering av topp kompetente folk, og det burde dei etter mitt syn gjera.

– Opnar de no sår som burde fått lov til å gro?

– Jo, det vil nok enkelte seia, og eg skal ikkje protestera på det. På den andre sida har me som er overtydde om at kyrkja sitt gamle syn er det rette, blitt påført mange sår i denne saka, seier Morland.