Hopp til innhold

Fryktar fleire land vil trekka seg ut av Parisavtalen

Leiaren for Bjerknessenteret fryktar andre land vil følga etter USA og trekka seg ut av den internasjonale klimaavtalen.

Tore Furevik

– SVÆRT UHELDIG: Leiar ved Bjerknessenteret for klimaforsking Tore Furevik meiner det har ein svært uheldig effekt på heile Parisavtalen og den globale klimasituasjonen at Trump trekte USA ut.

Foto: Sindre Skrede / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

USA ser ikkje ut til å ta sin del av klimakutta. I går kveld blei det klart at president Donald Trump trekk USA ut av Parisavtalen.

Mange reagerer. Mellom anna leiar ved Bjerknessenteret for klimaforsking, Tore Furevik.

– Det at eit av verdas leiande land trekk seg ut av ein avtale som i utgangspunktet skulle vera bindande for alle land i verda, er ein veldig uheldig ting.

Kva effekt dette får for andre land, er vanskeleg å spå, meiner Furevik.

Men ein kan jo tenka seg at andre land vil følga etter USA og trekka seg ut, eller at andre land vil ha mindre motivasjon for å ta dei utsleppskutta som er lova, seier Furevik.

USA-CLIMATECHANGE/

MÅ DELTA: Gjennom Det grøne klimafondet må rike land ta større byrde enn fattige land. Difor er det uheldig at USA trekk seg ut, meiner forskar.

Foto: JOSHUA ROBERTS / Reuters

– Avtalen står svakare utan USA

Det ligg i Parisavtalen at landa skulle møtast kvart femte år for stramma endå meir inn på utsleppa.

– Situasjonen har ein veldig uheldig effekt på heile avtalen og den globale klimasituasjonen, meiner klimasenterleiaren.

– Det er klart at avtalen står svakare. Kor mykje svakare ho står, det vil jo vera avhengig av korleis andre land vil reagera.

Ein har allereie sett at Kina og Europa står fast ved avtalen, og kjem til å fortsetta med uforminska styrke.

– Me kan jo òg då tenka oss ein motsett effekt, at dei andre landa tar enno større ansvar enn det elles ville gjort, seier Furevik.

– Ikkje meir urettferdig for USA

Trump meiner Parisavtalen straffar amerikansk økonomi og arbeidsliv.

– Det er jobben min å forsvara USA og landets innbyggjarar, og derfor vil me trekka oss frå Parisavtalen, sa Trump i går.

– Avtalen er ikkje meir urettferdig for USA enn for Noreg og alle andre rike land, seier Furevik ved Bjerknessenteret.

Det grøne klimafondet – der rike land skal bidra til redusert klimautslepp i fattige land – skal vera ein økonomisk fordeling av utgiftene.

– Og då er det klart at rike land må ta større byrde enn fattige land.