Hopp til innhold

No kan du få besøk av forskarar på fisketuren din

ØYGARDEN (NRK): Omfattande kartlegging denne sommaren: Frå denne veka er havforskarane på tokt for å finna hobbyfiskarar.

Keno Ferter i Havforskingsinstituttet forskar på fritidsfisket

BLIR MÅLT: Her måler Havforskingsinstituttet mellom anna størrelsen på fangsten til fritidsfiskarar frå Tyskland på Kollsnes utanfor Øygarden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det er Havforskingsinstituttet som i tre år framover skal forska på fritids- og turistfiske i norsk sjø. Kartlegginga skjer med feltstudiar i Oslofjorden, Hordaland og Troms.

Det omfattande forskningsprosjektet startar for fullt denne veka.

Med det nye studiet vil forskarar få harde fakta på bordet om vanlege folk stit hobbyfiske.

– Når me treff på ein båt, så skal me stilla nokre spørsmål. Me har eit skjema som me går gjennom, der me spør om fiskemetoden, kor mykje dei ønsker å få, og kva dei faktisk har fått.

I tillegg noterer me mellom anna alder, kor ofte dei fiskar, og kvar dei kjem frå, fortel Keno Ferter i Havforskingsinstituttet.

Målet er å utvikla gode råd til korleis ein kan ta vare på fiskebestandane nærast kysten.

Keno Ferter i Havforskingsinsituttet

Forskar Keno Ferter i Havforskingsinstituttet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ringer folk over heile landet

I tillegg til intervju av fritids- og turistfiskarar i felt på både land og sjø, vil forskarane ta i bruk ei rekke metodar. Det blir telefonintervju og ei web-basert spørjeundersøking.

Alle får også tilbod om å fylla ut ei fiskedagbok gjennom heile fiskesesongen, som dei til slutt leverer tilbake til forskarane.

Der fyller dei ut mellom anna fangsten, kva dei har sleppt ut igjen, når dei var ute og fiska, og kvar dei var.

Feltstudiane starta i Oslofjorden førre veke, og denne veka er dei i Hordaland. I tillegg er 2000 telefonintervju allereie gjennomført.

Manglar kunnskap om fritidsfisket

Fritidsfisket i Noreg er i liten grad kartlagt, fordi me ikkje har småbåtregister eller registrering av fritidsfiskarar.

– Me veit veldig mykje om yrkesfiske, men har veldig lite kunnskap om fritidsfisket generelt. Og når ein skal forvalta kystnære bestandar, så kan jo fritidsfisket bety ein del, seier Ferter i Havforskingsinstituttet.

Ein er nøydd til å bruka fleire alternative og avanserte metodar for å kartlegga aktiviteten. Desse blir utvikla og testa i prosjektet.

– I tillegg ser me på økonomien rundt fritidsfisket, og også kva det betyr for folk å reisa på fisketur, seier Ferter.

Keno Ferter i Havforskingsinsituttet

UTVIKLAR NYE METODAR: Havforskingsinstituttet skal dei neste tre åra finna ut av gode metodar for å kartlegga aktiviteten rundt fritidsfisket.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kan berga trua fiskeartar

Noregs jeger- og fiskarforbund er positiv til forskinga. Dei trur at det å få gode tal på artsnivå kan vera med på å redda trua fiskeartar.

– Det kan jo vera at det i enkelte område blir fiska litt for hardt. Me veit at me er mange fritidsfiskarar, men veit ikkje kor mange. Kanskje er det mellom éin og ein og éin halv million. I tillegg har me nokre hundre tusen turistar som kjem til Noreg for å fiska, fortel fiskekonsulent Øyvind Fjellseth i forbundet.