Hopp til innhold

Politileiar: – Instruksen vart fylgd til punkt og prikke

Mannen (36) er tidlegare dømd for vald mot politiet. Natt til tysdag vart han skoten, etter at han ifølgje politiet retta våpen mot patruljen.

Ein 36 år gamal mann vart skoten av politiet i Bergen sentrum natt til tysdag, etter å ha peikt våpen mot patruljen

POLITIAKSJON: Her vert den 36 år gamle mannen omringa av politiet på Møhlenpris i Bergen sentrum.

Tysdag har både politiet og Spesialeininga starta etterforsking av hendinga der ein 36 år gamal mann vart skoten av politiet på Møhlenpris i Bergen.

Det var klokka 02 natt til tysdag at politiet rykte ut etter melding om ein mann som gjekk rundt i gatene på Møhlenpris med ein pistol. Om lag eit kvarter seinare fann politiet mannen, som skal ha peikt våpenet mot patruljen.

Politiet oppfatta situasjonen som så trugande at dei valde å losna skot.

– Det vart fyrt av to skot: Først eit varselskot, etterfylgd av eit skot som trefte vedkommande i låret, fortel visepolitimeister Olav Valland.

Mannen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus, og ifølge Helse Bergen er han lettare skadd.

Dømd fleire gonger

Tidlegare tysdag vart det klart at 36-åringen frå Bergen er ein kjenning av politiet. Valland seier det er snakk om fleire straffbare forhold.

– Mannen er dømd for vald fleire gongar, sist i 2014. Han er òg dømd for vald mot politiet, men dette var ikkje den siste dommen.

Krimteknikerer på Møhlenpris

SIKTA MED PISTOL: Totalt tre politipatruljar vart sett inn i søket etter mannen natt til tysdag. Ein av patruljane trefte på mannen ved Bunnpris i Welhavens gate.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Valland bekreftar at det er mistanke om at 36-åringen òg skal ha truga andre personar. Politiet vil førebels ikkje bekrefta om mannen var utstyrt med eit ekte våpen, eller om det eventuelt var ladd.

– Vi er varsame med å gå ut med detaljar, då det framleis er fleire som ikkje er avhøyrde, seier Valland.

– Følgde våpeninstruksen

Tenestemannen som losna skot mot mannen er derimot blant dei som allereie er avhøyrd av Spesialeininga for politisaker.

Valland seier det ikkje er aktuelt å ta våpengodkjenninga frå vedkommande.

Olav Valland

FYLGJER OPP TENESTEMENNENE: Visepolitimeister Olav Valland seier polititenestemennene som var involverte i hendinga natt til tysdag vert fylgd opp. – Vi har faste rutinar for å følgje opp tenestemenn som har vore med på dramatiske hendingar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Dette er tenestehandling som er utført på vegner av samfunnet. Politibetjentane som var involverte i episoden vert no fylgd opp. Vi har faste rutinar for slik oppfølging, og prosedyrane har vorte fylgde både i natt og i dag. Mellom anna debriefer vi hendinga.

Valland meiner politipatruljen som var til stades på Møhlenpris natt til tysdag ikkje gjorde noko feil.

Slik vi vurderer det vart våpeninstruksen fylgd til punkt og prikke av tenestemennene som var involverte i hendinga.

Kva vurderingar ligg til grunn når politiet meiner det er nødvendig å skyte?

– Det å bruke skytevåpen er siste utveg, og noko alle i politiet er drilla på. Den aktuelle tenestemann vurderer dette i kvar enkelt situasjon, og alle andre midlar skal vere prøvd først, seier Valland.