Hopp til innhold

Væpna politi rykte ut til dramatisk melding: – Hogde med øks og machete

Rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap etter at naboar ringte inn meldingar om slagsmål med øks og machete.

Melding om slagsmål med øks og machete på Laksevåg

Like over klokka 01 natt til onsdag fekk politiet fleire telefonar frå bebuarar på Laksevåg som våkna av at fem personar slåst på gata utanfor. To stod fram som dei mest aggressive, og var i ferd med å gyva laus på kvarandre med øks og machete, ifølgje innringarane.

– Me sendte alt me hadde av tilgjengelege patruljar i sentrum. Fleire høyrte truleg sirenane og sprang frå staden, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Ingen er pågripne

Då politiet kom fram på adressa i Nylundsveien var det uklart kven som var å rekna som mistenkte eller fornærma. Ingen av dei involverte var skadde.

– Me har oppretta sak, men ingen er pågripne. Det er heller ikkje gjort beslag i våpen, seier Rebnord.

Ein av politipatruljane fekk etterkvart fatt i øksa som tilsynelatande blei nytta til å truga, men ingen haldt i øksa då politiet kom fram. Politiet har fleire namn på blokka, alle av utanlandsk opprinning. Etter det NRK forstår har politiet kjennskap til fleire av personane frå før. Alle dei involverte kjende kvarandre.

– Det er nok ei årsak til at det oppstod bråk. Personane var svært lite interesserte i å samarbeida. Språket gjorde det også utfordrande å finna ut kva som har skjedd.

– Svært alvorleg

Politiet har enno ikkje fått tak i fleire av dei involverte. Det blei søkt i området med hundepatrulje etter personane som forsvann før politiet kom fram.

Politiet vil i løpet av dagen vurdera om ein vil gå vidare med saka.

– Når me får ei melding av ein slik alvorleg art, nyttar me det me har av ressursar. Det er ikkje ofte me får meldingar om episodar der begge partar nyttar denne typen våpen eller reiskap, seier Rebnord.