Hopp til innhold

Difor er «Farmen kjendis»- Lothepus macho

Lothepus er frå ein stad der kristendommen aldri fekk fotfeste. – Haugianarane blei kjeppjaga frå staden i si tid og bygda er full av heidningar og galningar, avslører kvinna bak TV2-serien «Fjorden Cowboys».

Lothepus

HARDHAUS: Leif Einar Lothe, kjent frå «Farmen kjendis» og «Fjorden Cowboys» begynte å sprenge dynamitt i barneskulealder.

Foto: Julia Marie Nagelstad

Duoen frå «Fjorden Cowboys», Lothepus, eller Leif Einar Lothe og Joar Førde, i tillegg til dokumentarskapar Hildegunn Wærness er gjester i laurdagens Lindmo. Der fortel dei om den skamlause staden, Sørfjorden i Hardanger.

I motsetning til store deler av Vestlandet er det fritt for bedehus i Sørfjorden. Lothepus hugsar ein barndom så godt som fri for reglar.

– Vi fekk stort sett gjera som vi ville, men vi måtte jobba frå vi var små. Eg var med å sprenge dynamitt frå eg gjekk på barneskulen, fortel Leif Einar Lothe.

– Er det slik at de ser på lovar, reglar og paragrafar litt meir som forslag?

– Eg trur ikkje alle reglar bør haldast, men det er vel eit forslag til korleis ein kunne oppført seg kanskje, bekreftar Lothepus.

Fjorden Cowboys

COWBOY-DUO: Joar Førde og Leif Einar Lothe er med i dokumentarserien «Fjorden Cowboys» på TV2.

Foto: JULIA MARIE NAGELSTAD

Denne vinteren har Leif Einar Lothe, blitt kjent for mange nordmenn som macho-hardingen med strikkegenser, som stakk av garde med sigeren i TV2s «Farmen Kjendis». Men han er også med i dokumentarserien «Fjorden Cowboys», der vi følgjer han og Joar Førde, to hardhausar frå Sørfjorden i Hardanger.

Hildegunn Wærness, opphavleg frå Stord, er kusina til Joar Førde i «Fjorden Cowboys». Som lita besøkte ho Sørfjorden kvar sommar.

– Det var hopping i høyet, mykje slåsting og spionering på dei vaksne som var heilt gale dei og. Vi begynte å drikke cider i litt vel ung alder, eg trur eg var tolv. Desse somrane er heilt fantastisk gode minner for meg, fortel Wærness.

Hildegunn Wærness

DOKUMENTARIST: Hildegunn Wærness står bak dokumentarserien, «Fjorden Cowboys», der Leif Einar Lothe og Joar Førde er hovudpersonar.

Foto: JULIA MARIE NAGELSTAD

Etter å ha utdanna seg til dokumentarfilmskapar tok Wærness med seg kamera og drog tilbake til Sørfjorden. At Leif Einar Lothe og Joar Førde blei hovudpersonane i dokumentarserien var ikkje tilfeldig.

– Sørfjorden bidreg til å skape spesielle folk. Det er fullt av galningar og raringar i denne bygda, men eg syns Leif Einar og Joar representerte best det eg hadde lyst å fortelja, seier Hildegunn Wærness.

– Er det noko spesielt med folk ifrå Sørfjorden?

– Ja! Det vil eg seie. Det er den blandinga av at folk er skamlause, fandenivoldske, det er industri som møter bondekultur, kombinert med at det er langt til næraste by.

– Etter Farmen kjendis har folk hissa seg opp og kallar Lothepus ein macho-mann. Du som har følgt Leif Einar Lothe så mykje, kva slags personlegdomstrekk er det som dominerer denne fyren?

– Eg syns at Leif Einar er ein kjempesnill kattepus. Han treng nokre gode klemmer innimellom, avslører Wærness.

– Ikkje øydelegg heile imaget mitt nå for faen, skyt Lothe inn.

– Vil du kvittere på dette?

– Nei langt ifrå.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)