Hopp til innhold

Droppa å gå på audition – no kan filmen vinne Gullbjørnen i Berlin

BERLIN (NRK): I kveld kan filmen «Ut og stjæle hester» vinne Gullbjørnen. 16-år gamle Jon Ranes frå Oslo kan takke far sin for hovudrolle i filmen.

Jon Ranes på Berlinalen

FÅR APPLAUS PÅ BERLINALEN: Jon Ranes applauderer pressa for gode spørsmål under den internasjonale pressekonferansen sist laurdag. Men også Ranes får gode kritikkar for rolla si som hovudpersonen Trond som 15-åring.

Foto: arne sørenes / nrk

Sist laurdag under den internasjonale filmfestivalen i Berlin. På podiet sit ein 16-åring frå Oslo og svarer på spørsmål frå verdspressa saman med kjende skodespelarar som Tobias Santelmann, Bjørn Floberg, danske Danica Curcic og ikkje minst den svenske superstjerna Stellan Skarsgård.

Det er pressekonferanse før verdspremieren på «Ut og stjæle hester», den nye filmen til Hans Petter Moland som er basert på den internasjonale romansuksessen til Per Petterson med same namn.

– Det er heilt uverkeleg, heilt surrealistisk, seier Jon Ranes til NRK etter pressekonferansen.

16-åringen, som spelar hovudpersonen Trond som ung, skulle eigentleg ikkje ha vore her. For då han hadde vore på audition til filmen, droppa han å møte opp då han vart kalla inn for andre gong. Han hadde ikkje tru på at han kom til å få rolla likevel.

– Men etter litt krangling med faren min drog eg motvillig tilbake. Då møtte eg Hans Petter Moland, og så fekk eg rolla same dagen.

Pressekonferanse

STOR INTERESSE: Eit hundretals journalistar og fotografar møtte opp på pressekonferansen på Grand Hyatt Hotel i Berlin etter at «Ut og stjæle hester» vart vist for pressa i forkant av den internasjonale premieren sist laurdag.

Foto: arne sørenes / nrk

Les filmmelding her:

Frå Berlin til Bylarm

Eigentleg var han litt bekymra for kva ei slik rolle kunne få å bety for imaget som artist. For førsteklassingen ved musikklina på Edvard Munch videregående skole er også sentral i rap-gruppa Undergrunn som gav ut sin første EP «UG SOMMER» i haust.

undergrunn

UNDEGRUNNSGUTTA: Dei er 15 og 16 år gamle, men er alt blitt lagt merke til av musikkbransjen. Første helga i mars spelar Undergrunn to gonger under Bylarm i Oslo. «Loverboy» nummer to frå høgre.

Foto: privat / nrk

– Det er liksom musikk eg driv med først og fremst, fortel Ranes som går under artistnamnet Loverboy i Undergrunn.

Saman med austkant-kompisane Mar$tein, Fretex, Plaza, Rik Pappa og Puzz er Ranes blitt lagt merke til av musikkbransjen. Singelen «Isbil» er blitt hylla av P3 for nyskapande bruk av sampling, og no er Undergrunn plukka ut til å spele på bransjefestivalen Bylarm om to veker.

Får ros for innsatsen i filmen

Men først skal altså Gullbjørnen delast ut i Berlin laurdag kveld. Den norske filmen er ein av 16 filmar som konkurrerer om det prestisjetunge trofeet i hovudkonkurransen på Berlinalen. Regissør Hans Petter Moland er i Berlin med sin fjerde film, og han er svært nøgd med innsatsen til Jon Ranes i «Ut og stjæle hester»:

Han var den rette guten til rolla, og gjer ein heilt fantasisk innsats. Først og fremst fordi han har mot til å vise sider av seg sjølv som er sårbare og ukule. Og det er ganske tøft gjort av ein 15-åring, som han jo var då vi spela inn filmen.

I tillegg er Moland imponert over at Jon Ranes gjorde dei aller fleste stunta sine sjølv:

– Han rir i galopp, han lar seg føre med elva og spring på tømmervelter. Så når store Hollywood-stjerner seier at dei gjer stunta sine sjølv, så er ikkje det alltid heilt sant. Men for Jon Ranes stemmer det, han gjer faktisk mange av dei fysisk krevjande opptaka sjølv.

Stellan og Hans Petter

KAMERATAR OG KOLLEGAER: – Vi kjenner oss så trygge med kvarandre at vi begge blir modigare, seier Stellan Skarsgård om samarbeidet med Hans Petter Moland. «Ut og stjæle hester» er den femte filmen dei samarbeidar om.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Også Stellan Skarsgård, svensken med ein lang internasjonal filmkarriere bak seg og kjend frå storfilmar som «Pirates of the Caribbean» og «Mamma Mia», er imponert over innsatsen til unge Ranes.

– Han er kjempebra, sjølv om han ikkje liknar noko sæleg på meg då eg var ung.

Skarsgård spelar den eldre versjonene av Trond; mannen som vender tilbake til grensetraktene mot Sverige der han opplevde ein grensesprengade sommar over 50 år tidlegare,

– Eg hadde alltid tynt og stritt hår, mens håret hans er tjukt og krøllete. Men han er veldig tilstades i alt han gjer, og han har eit ansikt som ein vil sjå på lenge.

Hans Petter Moland og Stellan Skarsgård er imponert over innsatsen til 16-åringen Jon Ranes i filmen Ut og stjæle hester

Hans Petter Moland og Stellan Skarsgård er imponert over innsatsen til 16-åringen Jon Ranes i filmen Ut og stjæle hester

Gjorde som Jackie Chan

– Eg gjekk litt Jackie Chan og tok ein del av stunta sjølv ja, flirer Ranes.

Særleg krevjande var ei scene der han skulle dykke under ei tømmervase i ei stri elv. Sjølv om alt var sikra med dykkarar i elva og andre tryggleikstiltak, var det utfordrande å gje seg i kast med elvestraumen:

– Då eg kom opp fekk eg eit slags minisjokk, men det var lærerikt. Og det er alltid gøy å teste grensene sine.

I ettertid er Ranes glad for at Moland utfordra han til å gjere dei fysisk krevjande scenene sjølv:

– Det er litt stas å sjå seg sjølv på filmen og tenkje at det der, det gjorde eg faktisk.

Kva for film som vinn Gullbjørnen blir kjent laurdag kveld. Om det blir pris eller ikkje er ikkje så viktig for Jon Ranes. Det som tel er at han har funne ut at film er noko han har lyst til å drive med vidare:

– Å ja, det fann eg ut etter første dag. Det å jobbe i ein produksjon der alle rundt deg jobbar veldig hardt for at det skal bli bra, det er ei utruleg flott kjensle.

«Ut og stjæle hester» får norsk premiere 8. mars.

ut og stjæle hester

JON OG GJENGEN: God stemning på den raude løparen. Frå venstre: Stellan Skarsgård, Hans Petter Moland, Jon Ranes, Danica Curcic, Bjørn Floberg og Tobias Santelmann.

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.