Hopp til innhold

Tusenvis av offer kvart år: – Dum og bedratt

Vår- og sommartid byr på mange konsert- og festivalmoglegheiter, men også på farar knytt til utspekulerte billettsvindlarar. Det kan Elise (25) skriva under på.

Elise Andersen ble svindlet da hun kjøpte konsertbilletter på Facebook.

INGEN BILLETT: Elise Andersen betalte 1600 for to konsertbillettar som ikkje eksisterte.

Foto: Elise Andersen / Privat

Dei to siste åra med koronarestriksjonar har gjort at mange er sultefora på kulturopplevingar. Og med lettingane kunne det amerikanske rockebandet The War on Drugs besøka Oslo tidlegare i vår, til Elise Andersen si store glede.

– Av personlege årsaker var det viktig for meg å sjå dei, seier ho.

– Brann meg

Men det såg mørkt ut. Konsertane var for lengst utselde og Andersen måtte derfor ty til vidareseljarar.

Nokre av dei har skumle hensikter, og det har Andersen smerteleg fått erfara.

– Eg har stolt på eit medmenneske, og brunne meg på det, seier ho overgitt.

Ifølge kompetanseorganisasjonen Norske Kulturarrangører blir tusenvis av nordmenn utsette for billettsvindel kvart år.

Tone Østerdal

VEDVARANDE PROBLEM: Billettsvindel er ikkje noko politiet har øvst på agendaen, så det er viktig at bransjen og publikum er merksame på problemet, seier Tone Østerdal i Norske Kulturarrangører.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

– Internasjonalt er dette eit stort problem, men også her heime gjer ein uryddig marknad at mange betalar utan å sleppa inn, seier dagleg leiar Tone Østerdal.

– Høgsesong for billettsvindel

Sommaren er høgsesong for konsertar- og festivalar, og dermed er det også fleire tilfelle av billettsvindel. Kvart år blir me kontakta av folk som har kjøpt billettar som er falske eller selde fleire gonger, seier Thomas Iversen.

Han er forbrukarjurist i Forbrukarrådet og fortel at det ikkje er noko i vegen med å kjøpa billettar av privatpersonar, men at ein må vere på vakt.

– Det beste er å kjøpa konsert- og festivalbillettar direkte frå arrangøren eller billettoperatøren. Då er du garantert å ikkje bli svindla, seier han.

Jurist Thomas Iversen i Forbrukerrådet

KLAG: Meld saka di inn til Forbrukarombodet, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukerrådet

På arrangementssida la Andersen ut eit innlegg kor ho søkte etter to billettar.

Til alt hell fekk ho raskt eit tilbod i ei privat melding. Ho skulle betala om lag dobbelt så mykje som billettane var kjøpte for.

Eit raudt flagg ifølge forbrukarjuristen.

– Ofte er det eit teikn på at det ugler i mosen. Det er nemleg i strid med svartebørslova å selja billettar til kultur- og idrettsarrangement til overpris, seier Iversen.

Såg du etter faresignal?

– Ja, men samtidig var det lagt ned så mykje energi i løgnene at eg let tvilen komma han til gode, seier Andersen.

Verka truverdig

Ho oppfatta seljaren som påliteleg. Han skal ha sendt bilde av passet sitt og var veldig opptatt av at dette ikkje skulle misbrukast. Vidare skulle det visa seg at han opererer under sitt verkelege namn.

– Men i ettertid var det ting eg stussa over.

NRK har ikkje lykkast med å få kontakt med vedkommande.

Seljaren skal blant anna ha bedt om å få sendt pengane til ein kjenning via Vipps då han sjølv ikkje hadde appen for augeblikket. Då det var gjort, fekk Andersen berre ei rekke unnskyldningar tilbake.

– Etter eit par dagar skjønte eg at han hadde lurt meg. Eg kom aldri til å få billettane for dei hadde aldri eksistert, seier ho.

Ein hard lærdom

Då ho konfronterte han, blei Andersen blokkert på Facebook. På telefon er han heller ikkje å nå. Andre offer, derimot, fann ho på Facebook.

– Det viste seg at det var fleire av oss, og at historiene var veldig like, seier Andersen.

Politi Malakoff 2015

PASSAR PÅ: Politiet er på innanfor portane. Her frå Malakoff Rockfestival.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

No har fleire av dei meldt personen til politiet. Dei håpar at saka blir prioritert grunna hans tidlegare historikk og dei mange offera. Vidare håpar Andersen at bransjen gjer meir for å opplysa folk om svindelfaren og lukar bort fleire lurendreierar.

– For på utselde arrangement er det ikkje til å unngå at billettar blir selde privat.

Ho kjem til å vere meir observant neste gong, men på vegen mista Andersen noko viktigare enn 1600 kronar og ei konsertoppleving.

Den generelle tilliten min til folk har blitt svekt av dette. Det er ikkje gøy å føla seg dum og bedratt.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)